Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lag eit digitalt skulemagasin

Ei fri, uavhengig presse er blant dei viktigaste institusjonane i demokratiske samfunn. Det gjeld også skuledemokratiet. I dette oppdraget skal du belyse saker som er viktige for den einskilde eleven på skulen din, i eit digitalt skulemagasin.
Elevar med videokamera, skriveblokk og mikrofon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I ei skuleavis eller eit skulemagasin er nærleik eit viktig nyheitskriterium. Det må innehalde saker som medelevane dine synest er viktige. Samstundes må du tenkje gjennom kva det kan ha å seie for utviklinga av ei sak at ho blir sett i fokus i media. Sidan skulemagasinet skal publiserast på nett, må du også setje deg inn i presseetiske reglar og reglar for opphavsrett og merking av innhald.

Produksjon og publisering av eit skulemagasin med både tekst, foto, video og lydinnslag krev at klassen jobbar saman som ein redaksjon. Alle må vere villige til å ta på seg fleire roller. Arbeidsprosessen startar med at de etablerer ein redaksjon med ein redaktør og ein redigeringsansvarleg. De kan også vurdere om de vil ha eigne redaktørar for avdelingar som kultur og nyheiter, eit grafisk team og ei annonseavdeling. Alle i klassen skal ha ansvar for minst to ulike saker i ulikt format. For eksempel kan du ha ansvar for å vere fotograf og videoredigerar i éi sak og journalist i ei anna sak.

Krav til arbeidsoppdraget

  1. Dann ein redaksjon med minst ein redaktør og ein deskleiar.
  2. Jobb fram tema til gode saker som de trur elevane på skulen dykkar er opptekne av. Start gjerne med ei idémyldring om saker med utgangspunkt i saker elevrådet jobbar med, utviklingsplanane på skulen, vurderingspraksis på ulike avdelingar, fråværsordningar, kantinetilbod, russetid, bruk av mobiltelefon og/eller sosiale medium i skuletida, gode råd frå helsesøster, å bu på hybel eller overgangen frå ungdomsskule til vidaregåande skule.
  3. Fordel sakene. Alle i klassen skal ha ansvar for minst to ulike saker.
  4. Lag ei liste over ekstrasaker de kan velje mellom dersom de må byte sak.
  5. Bestem deg for kva to format du vil jobbe med (til dømes tekst og foto, video og lyd osv.).
  6. Jobb saman i små grupper. Finn ein spennande vinkel på saka. Hugs nyheitskriteria! Gjer research.
  7. Ta kontakt med aktuelle kjelder. Gjer avtalar om intervju (tid og stad).
  8. Førebu og gjennomfør intervjua.
  9. Rediger og ferdigstill sakene.
  10. Gjer alt klart i det publiseringsverktøyet de har bestemt dykk for å bruke, og bestem kva design nettmagasinet skal ha.
  11. Redaktøren og desksjefen må i fellesskap finne ut i kva rekkjefølgje sakene skal plasserast, og kva som skal vere hovudoppslaget.
  12. Publiser skulemagasinet på nettet.
  13. Skriv eit refleksjonsnotat i etterkant der du reflekterer over det du lærte då de gjennomførte dette oppdraget.
CC BY-SASkrive av Ragnhild Risholt Kleppe.
Sist fagleg oppdatert 15.05.2018

Læringsressursar

Skriving i mediefag