Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Skriv eit portrettintervju

Skriv eit digitalt portrettintervju med ein person som kan knytast til ei aktuell sak i nyheitsbiletet. Målet med portrettintervjuet er å gå i djupna og gi publikum ny kunnskap om personen.
Ei jente med hatt og oppmerksamt blikk skriv på ei notatblokk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  • Lag eit digitalt portrettintervju med ein person som kan knytast til ei aktuell sak i nyheitsbiletet. Ta også portrettfoto av personen du intervjuar.

  • Intervjuet skal publiserast på nettsida til skuleavisa.

  • Målet med portrettintervjuet er å gå i djupna og gi publikum ny kunnskap om personen.

  • Intervjuobjektet skal knytast til den aktuelle nyheitssaka. Dette må kome fram i teksten.

  • Intervjuet kan gjerne innehalde personlege element som observasjonar og skildringar. Bruk sansing, språklege bilete og andre litterære verkemiddel for å fortelje om intervjuobjektet.

  • Hugs å vere nøyaktig og basere intervjuet på fakta og korrekt informasjon.

  • Du må forhalde deg til etiske retningslinjer for journalistar i arbeidet med portrettintervjuet.

  • Gjer portrettintervjuet klart for publisering på nett.


Bruk fagtekstar til hjelp i dei ulike fasane:

Lag eit portrettintervju: førebuingsfasen

Lag eit portrettintervju: intervjufasen

Språklege verkemiddel i eit portrett

Set saman portrettintervjuet



Kva er eit portrettintervju?

  • Målet med eit portrettintervju er å gå i djupna og gi publikum ny kunnskap om ein aktuell person.

  • Portrettintervjuet kan plasserast i feature-sjangeren. Dette er ein sjanger der journalisten bruker sansar og litterære verkemiddel for å lage saka.

  • Portrettintervjuet kan innehalde personlege element som observasjonar og skildringar.

  • Bruk språklege bilete til å underbyggje det du vil fortelje om intervjuobjektet.

  • Feature-sjangeren er kategorisert som ein hybridsjanger, det vil seie ein objektiv sjanger som låner element frå subjektive sjangrar. Dette kan beskrivast som ein sjanger med ein personleg vri, men som byggjer på etterprøvbare fakta.

  • Nøyaktigheit og korrekt informasjon er like viktig i eit portrettintervju som i ein nyheitsartikkel.

CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 26.03.2021

Læringsressursar

Skriving i mediefag