Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lag eit fotoportrett

I denne oppgåva skal du ta eit portrettfoto av ein person. Dette arbeidsoppdraget heng saman med oppgåva om å lage eit portrettintervju. Målet er at fotoportrettet skal relaterast til innhaldet i portrettintervjuet; det skal fortelje noko om personlegdommen til intervjuobjektet ditt.
Alfred Hitchcock, ein dresskledd ærverdig herremann, har ein måse på venstre skulder og ein ramn på høgre. Svart-kvitt-foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Evna til å bli kjend med personar og til å tenkje ut gode idear for korleis personlegdomstrekk kan visualiserast, er nøkkelen til å ta gode portrett.

Arbeidsoppdrag

  • Du skal lage eit fotoportrett av ein person.
  • Du skal ta portrettbiletet med mobiltelefonen din.
  • Målet er at biletet skal relaterast til det som kjem fram i portrettintervjuet; det skal fortelje noko om personlegdommen til intervjuobjektet ditt.
  • Du kan bruke modellen sine eigne klede, utstyr og ting som rekvisittar. Du kan gjerne òg bruke omgivnader som modellen ofte ferdast i, som kulisse.
  • I portrettbiletet skal du ta i bruk nokre av dei fem grunnleggjande komposisjonprinsippa i fotografering.
  • Portrettbiletet skal vere klart for publisering på nett.

Til inspirasjon

Sjekk ut NRKs programserie Mobilfotografene.

Her fekk deltakarane beskjed om å lage portrett av personar ved hjelp av mobilkameraet. Det var evna deltakarane hadde til å bli kjend med personane og til å tenkje ut gode idear for korleis personlegdomstrekka kunne visualiserast, som avgjorde kven som gjekk til topps i konkurransen.

CC BY-SASkrive av Ragnhild Risholt Kleppe og Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 25.03.2021

Læringsressursar

Produksjon av journalistikk