Video-intervju: konsekvensar av koronaviruset
Lag eit video-intervju med to personar. Vel sjølv kva du vil fokusere på. Sørg for at du får med to ulike vinklingar.
Video-intervjuet skal til slutt gjerast klart for publisering på nett. Du definerer sjølv kven som er målgruppa for saka.
Fokus i saka
Kva vel du å fokusere på? Døme kan vere:
- konsekvensar av koronaviruset for samfunnet
- konsekvensar av koronaviruset for idrett og trening
- konsekvensar av koronaviruset for russ 2021
Vinkling på intervjuet
Du kan intervjue begge intervju-objekta innanfor same fokusområde, men vel gjerne ulike innfallsvinklar:
Døme 1, konsekvensar for samfunnet: Det eine intervjuet handlar om kva konsekvensar koronaviruset har på undervisning. Det andre video-intervjuet set fokus på konsekvensane koronaviruset har for psykisk helse.
Døme 2, konsekvensar for idrett og trening: Intervjua handlar om kva konsekvensar koronaviruset har for høvesvis ein fotballspelar og ein ballettdansar.
1) Førebu intervjuspørsmål
Formuler opne spørsmål til intervjuobjekta dine. Du bør ha førebudd minst seks opne spørsmål til kvart av intervju-objekta før du startar intervjuet.
Hugs: Gode spørsmål gir interessante svar! Det er viktig at intervju-objekta og intervjuspørsmåla er relevante for saka.
2) Gjennomfør video-intervjuet
- Du kan filme intervjuet med mobiltelefon. Bruk mikrofon viss du har tilgang på det.
- Film i breiddeformat (vassrett), og hald kameraet roleg.
- Vel ein passande stad (location) for intervjua. Ver bevisst på utsnitt og lysforhold.
- Pass på at lyden blir best mogleg. Unngå bakgrunnsstøy.
- Still opne spørsmål, og lytt aktivt til svara du får. Still oppfølgingsspørsmål viss det er naudsynt.
- Ta ein sjekk av bilete og lyd før du avsluttar opptaket på location.
3) Etterarbeid og publisering
- Rediger video-intervjua ved hjelp av ein redigeringsapp på mobilen din, til dømes iMovie eller Magisto Video Editor & Maker.
- I redigeringa kan du klippe bort delar du ikkje vil ha med i saka, og du kan leggje til tekst viss du ønskjer det.
- Gjer ein kvalitetssjekk saman med ein medelev. Du ser gjennom saka til medeleven din, og omvendt. Deretter gir de kvarandre konstruktive tilbakemeldingar.
- Lever video-intervjua i eit filformat som er klart til publisering på nett.
Relatert innhald
Her får du gode tips til korleis du gjennomfører eit intervju for avis, radio eller fjernsyn.