Hopp til innhald

Fagstoff

Reportasjen

Ein reporter fortel om det han eller ho har høyrt og sett. Reportasjen består ofte av eitt eller fleire intervju i tillegg til reporteren sine eigne skildringar. Vi skil mellom nyheitsreportasjar og feature-reportasjar.
Ein mann i politiuniform står bak eit bord med mikrofonar frå ulike norske medium. I bakgrunnen, som er ute av fokus, ser vi lys og utrykkingskøyretøy. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er ein reportasje?

Reportasjen er ein vanleg sjanger i aviser, tidsskrift, radio og på TV. Orda reportasje kjem frå latin reportare, som betyr «å bringe tilbake». I reportasjen søkjer journalisten å oppnå nærleik til ei hending og prøver å leve seg inn korleis menneska som er involverte i hendinga, opplever ho.

Utgangspunktet for reportasjen er gjerne ei nyheitssak eller eit aktuelt tema. Felles for alle slags reportasjar er at journalisten eller fotografen sjølv dreg ut for å oppleve og undersøkje det som skjer, og for å snakke med aktuelle personar.

Det er vanleg å skilje mellom to typar reportasjar:

  • nyheitsreportasjar
  • feature-reportasjar

Nyheitsreportasjen

Nyheitsreportasjen er ein svært vanleg sjanger i aviser, nettaviser, radio og TV. Han tek utgangspunkt i ei sak i nyheitsbiletet, og journalisten fokuserer på å få fram det vesentlege ved denne saka. Reportasjen er ikkje berre ei forteljing om det som har skjedd, ho inneheld òg journalisten sine eigne analysar og refleksjonar over det han eller ho ser og høyrer.

Ein nyheitsreportasje er eit døme på ein objektiv sjanger. Objektiv journalistikk byggjer på etterprøvbare fakta og lèt fleire partar kome til orde. Objektive sjangrar dokumenterer påstandar og gir ikkje uttrykk for journalisten sine eigne meiningar.

Verkemiddel i nyheitsreportasjen

Føremålet med reportasjen er at mottakaren skal få ei kjensle av å vere tett på hendinga. Direkte videooverføring på TV og i nett-TV gir sjåarane ei oppleving av å sjølv vere til stades der det skjer. På radio kan nyheitsreportasjen, i tillegg til forteljinga til reporteren og intervju med involverte, også innehalde autentisk bakgrunnslyd.

Dramaturgi i reportasjar

Reportasjen skil seg frå ei fiktiv forteljing ved at ho tek utgangspunkt i noko som faktisk skjer eller har skjedd. Det set grenser for korleis journalisten kan iscenesetje forteljinga. Reportasjen har likevel gjerne ei opptakt og eit høgdepunkt. For å fange merksemda til mottakarane har mange reportasjar ein tydeleg hovudperson, og vi får vite korleis denne personen blir påverka av det som skjer.

Her er eit døme på ein nyheitsreportasje. Reportasjen på NRK Skole handlar om eit opprør på eit ventemottak for flyktningar sommaren 2010. Kva innslag består reportasjen av? Korleis er dramaturgien?

Samandrag av nyheitsreportasje frå NRK skole

I 2008 vedtok regjeringa Stoltenberg å innføre ein strengare asylpolitikk i Noreg. Målet var å senke talet på asylsøkjarar som ikkje treng vern. Eitt tiltak var å opprette såkalla ventemottak for folk som ikkje hadde fått lov til å bli i Noreg. Politiet gjennomførte ei rekkje aksjonar med tvangsutsending av papirlause asylsøkjarar. Reportasjen handlar om opprør og hærverk på ventemottaka sommaren 2010. Eit ventemottak blei ramponert, eit anna brent ned til grunnen. I reportasjen ser vi bilete frå politiaksjonen, glimt frå dei uverdige butilhøva på eit ventemottak, eit intervju med leiaren av Utlendingsnemnda og eit intervju med ein av asylsøkjarane.

Feature-reportasjen

Feature-reportasjen bruker andre verkemiddel enn nyheitsreportasjen og har eit noko anna føremål. Han er både informerande og underhaldande.

Feature-reportasjen blir gjerne kategorisert som ein hybridsjanger, det vil seie ein objektiv sjanger som låner element frå subjektive sjangrar. Dette er ein sjanger med personleg vri, men han byggjer på etterprøvbare fakta.

Feature-reportasjen kan beskrivast som ein mellomting mellom ein journalistisk og ein litterær tekst. Journalisten bruker litterære verkemiddel for å gi lesaren eller lyttaren både ein intellektuell og ei kjenslemessig oppleving. Føremålet er å la mottakarane kome nært inn på menneske og hendingar.

I ein slik sjanger har journalisten større fridom til å gå i djupna, vere meir intim, og leggje meir vekt på å skildre menneske, miljø og stemningar.

Døme: Nå vil Sara (22) prøve på nytt (feature-reportasje på nrk.no)

Verkemiddel i feature-reportasjen

I ein feature-reportasje kan journalisten utnytte språklege verkemiddel og forteljartekniske grep på ein måte som nærmar seg skjønnlitteraturen. Dessutan er samspelet mellom tekst og bilete eit viktig verkemiddel i papiraviser. Det krev plass, og slikt stoff er derfor ofte å finne i helgemagasina til avisene.

Mange nettaviser har teke i bruk eit nytt format for å vise feature-reportasjar, der bilete i fullbreidd og små videoar innimellom blir lagde over teksten. Bileta er ofte emosjonelle og dreg lesaren med seg vidare til eit nytt avsnitt i forteljinga. Det finst ulike nettverktøy som lagar ramma for slike multimediale reportasjar. NRK bruker til dømes verktøyet Polopoly.

I feature-reportasjar på TV har journalistar og fjernsynsfotografar fleire moglegheiter enn i nyheitsreportasjar. I nokre tilfelle bruker dei verkemiddel frå fiksjonssjangrar for å skape ei levande framstilling, til dømes rekonstruksjon av hendingar. I radio kan verbale skildringar og intervju krydrast med stemningsskapande lyd.

Kjelder

Steensen, S. (2009). Stedets sjanger: om moderne reportasjejournalistikk. IJ-forlaget.

Bech-Karlsen, J. (2000). Reportasjen. Universitetsforlaget.

Steenesen, S. (2009). Digital featurejournalistikk. Hvordan diskursiv praksis påvirker sjangerutvikling i en nettavis. https://www.researchgate.net/publication/270793189_digital_featurejournalistikk_hvordan_diskursiv_praksis_pavirker_sjangerutvikling_i_en_nettavis

Breivik, K. (2013, 29. november). Dybde på Nrk.no. NRK beta. https://nrkbeta.no/2013/11/29/dybde-pa-nrk-no/

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Jostein Saakvitne og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 08.02.2021

Læringsressursar

Produksjon av journalistikk