Hopp til innhald
Rettleiing

Sjekkliste før du leverar lydarbeid

Små detaljar kan heve kvaliteten på ditt lydprodukt. Gå gjennom denne sjekklista før du leverer frå deg eit lydarbeid.

Sjekkliste før du leverer eit lydprodukt

  1. Svarar du på det du skal i oppgåva?
  2. Er rekkefølgja på elementa god?
  3. Er tale tydeleg?
  4. Er det mange forstyrrande lydar som "hmm" og kremting?
  5. Ligg tale på om lag 75 % på lydmeteret?
  6. Er lydnivåa tilpassa kvarandre?
  7. Brukar du fader i start/slutt?
  8. Blir nokre av overgangane oppfatta som brå?
  9. Er det støy du kan gjere noko med?
  10. Er det nokre parti med sprengt lyd?
  11. Har du eksportert fila til riktig format?
  12. Viss du har brukt andre sitt materiale, har du kreditert dei?
  13. Har nokon lytta til produksjonen din og gjeve deg innspel?