Hopp til innhald

Eigenvurdering

Digitalt skulemagasin – vurderingsskjema

Bruk dette skjemaet som hjelp når du vurderer i kva grad du har nådd læringsmåla for arbeidsoppdraget Digitalt skulemagasin.
røde og grønne kryss i ruter. Illustrasjon
Opne bilete i eit nytt vindauge
GlimrandeKompetentPå veg
Du har vore med på å produsere to saker og har hatt ulike roller i produksjonen. Du har vinkla saka på ein måte som treff målgruppa, og brukt sentrale nyheitskriterium. Du har stilt gode spørsmål til intervjuobjektet og følgt opp med oppfølgingsspørsmål. Du har valt relevante kjelder. Du viser at du forstår skiljet mellom subjektiv og objektiv journalistikk. Du har følgt retningslinjene i Ver varsam-plakaten.Du har vore med på å produsere to saker som til dels treffer målgruppa, og har hatt ulike roller i produksjonen. Du kan peike på at du har brukt nokre nyheitskriterierium i dei to sakene. Du har brukt spørjeorda i intervjuet, men kunne ha brukt fleire og betre oppfølgingsspørsmål. Du seier noko om kjeldeval og sjanger. Du har kjennskap til hovudpunktene i Ver varsam-plakaten.Du har vore med på å produsere ei eller to saker og har hatt éi eller ulike roller i produksjonen av dei. Du har noko kunnskap om nyheitskriterium, spørjeord, kjeldeval, sjanger og Ver varsam-plakaten, men veit ikkje heilt om dette kjem fram i det du har produsert.
Du har delteke svært aktivt i arbeidsprosessen frå idémyldring til research, produksjon og publisering.Du har til ein viss grad delteke aktivt i arbeidsprosessen frå idémyldring til research, produksjon og publisering.Du rakk ikkje å publisere begge sakene dine innan deadline, og/eller sakene er ufullstendige.
Du har publisert dei to sakene innan deadline på den måten oppgåva tilsa.Du har publisert sakene innan deadline, men med nokre manglar.Kjeldene dine er ikkje kvalitetssikra, og/eller du kan ikkje gjere greie for dette.
Refleksjonsnotatet ditt syner at du ser samanhengar mellom det journalistiske produktet de har publisert, og den utviklinga saka kan få. Du forstår kva funksjon journalistikken har i eit demokratisk samfunn.Refleksjonsnotatet ditt viser at du ser nokre samanhengar mellom det journalistiske produktet de har publisert, og den utviklinga saka kan få. Du har kjennskap til kva funksjon journalistikken har i eit demokratisk samfunn.Du synest det er vanskeleg å sjå samanhengar mellom det journalistiske produktet de har publisert, og den utviklinga saka kan få. Du kan litt om pressa si rolle i samfunnet.
CC BY-SASkrive av Ragnhild Risholt Kleppe.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Produksjon av journalistikk