Hopp til innhald

Fagstoff

Introduksjon til subjektiv og objektiv journalistikk

All journalistikk har ein snev av subjektivitet. Det er likevel vanleg å skilje mellom objektiv og subjektiv journalistikk. Ein objektiv tekst byggjer på etterprøvbare fakta. Subjektiv journalistikk blir òg kalla for meiningsjournalistikk.
Elevar med videokamera, skriveblokk og mikrofon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein journalistisk sjanger skil seg frå andre medietekstar ved at han byggjer på etterprøvbare fakta og fortel om hendingar som verkeleg har funne stad. Det betyr ikkje at alle journalistiske sjangrar er reint objektive. Nokre sjangrar er prega av meiningane til journalisten eller redaktøren. Slike sjangrar blir iblant kalla for meiningsjournalistikk eller subjektiv journalistikk.

Objektivitet og subjektivitet

Sjølv om fri, uavhengig, objektiv og kritisk journalistikk er eit ideal for dei fleste journalistar, betyr ikkje det at alle journalistiske sjangrar er objektive. Nokre sjangrar er prega av meiningane til journalisten eller redaktøren. Slike sjangrar blir iblant kalla for meiningsjournalistikk eller subjektiv journalistikk.

Synet på objektiv og subjektiv journalistikk speglar grunnleggjande verdiar i det norske politiske systemet og ideologiske straumdrag i samtida. Det norske pressesystemet legg vekt på sosialt ansvarleg journalistikk. Dette er nedfelt i Ver Varsam-plakaten. Mange journalistar går av den grunnen langt i å fremje og støtte synspunkt frå menneske som kjenner seg overkøyrde av storsamfunnet.

Dagsordensstyrt journalistikk

Omgrepet dagsordensstyrt journalistikk blir brukt om journalistikk som har til føremål å endre forhold i samfunnet, til dømes når det gjeld likestilling eller ruspolitikk. I det siste har vi òg sett døme på journalistikk som prøver å endre utfallet i straffesaker. Dagsordensjournalistikken blei eit ideal på 1970-talet, men har seinare blitt kritisert for misbruk av mediemakt.

Forklarande journalistikk

I ei tid der vi nærmast druknar i nyheitsmeldingar, kan det vere behov for meir forklarande journalistikk som tilbyr ei tolking av det som skjer, til dømes i form av kommentarar. Men alle slike tolkingar vil til sjuande og sist vere baserte på dei subjektive vurderingane til journalisten.

Journalistar og nøytralitet

Det er viktig at journalisten sine eigne meiningar ikkje går ut over truverdet i ein reportasje. Journalistar skal informere, opplyse, avdekkje og avsløre. Men er det mogleg å vere journalist utan å engasjere seg og ta stilling til alle sakene ein møter?

Relatert innhald

Vi skil mellom objektiv og subjektiv journalistikk, og vi kan dele journalistiske sjangrar inn i tre hovudgrupper: nyheiter, feature og kommentarar.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 12.04.2021

Læringsressursar

Produksjon av journalistikk