Hopp til innhald

Fagstoff

Oppsummering av journalistiske sjangrar

Ein journalistisk sjanger skil seg frå andre medietekstar ved at han byggjer på etterprøvbare fakta og fortel om hendingar som verkeleg har funne stad. Kva er viktige kjenneteikn på dei ulike journalistiske sjangrane?
Eit forstørringsglas står lent inntil ein bunke aviser. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi skil mellom objektiv og subjektiv journalistikk, og vi kan dele journalistiske sjangrar inn i tre hovudgrupper: nyheiter, feature og kommentarar.

Her viser vi til sjanger-kjenneteikn og ulike døme frå avisjournalistikk:





Objektive sjangrar

Kjenneteikn

Nyheitsartikkel

  • kort, konsis, svarer på grunnleggjande spørsmål

  • det viktigaste først, omvend pyramidestruktur

  • lèt kjeldene kome til orde

  • byggjer på etterprøvbare fakta

Nyheitsreportasje

  • går gjerne meir i djupna enn ein nyheitsartikkel

  • bruker fleire kjelder

  • fokuserer på bakgrunn og årsak

  • journalisten er til stades der det skjer

  • formidlar observasjonar og inntrykk

  • byggjer på etterprøvbare fakta

Notis

  • kort nyheitsmelding som gir grunnleggjande informasjon om ei aktuell hending

  • byggjer på etterprøvbare fakta

Subjektive sjangrar

Kjenneteikn

Leiar

  • ofte forfatta av sjefredaktøren, men kan òg vere produsert av andre i redaksjonen

  • legg fram avisas offisielle syn på aktuelle saker

  • har ein fast plass i avisa, er oftast ramma inn og skild ut på ein tydeleg måte

  • byggjer på etterprøvbare fakta

Kommentar

  • gir uttrykk for journalisten sine oppfatningar av ei sak, er personleg og subjektiv

  • skal gi djupnekunnskap om eit tema

  • byggjer på etterprøvbare fakta


Hybridsjangrar

Kjenneteikn

Feature

  • høyrer til i objektiv-kategorien, men journalisten bruker sansar og litterære verkemiddel

  • i slekt med nyheitsreportasjen, men er meir personleg

  • går i djupna, gir lesaren større forståing av eit tema

  • byggjer på etterprøvbare fakta

Portrettintervju

  • høyrer til i objektiv-kategorien, men journalisten bruker sansar og litterære verkemiddel

  • gir lesaren djupnekunnskap om ein aktuell person i nyheitsbiletet

  • byggjer på etterprøvbare fakta

Journalistiske sjangrar på radio og TV

Fire folk sit på ein stor skjerm. Ein ung mann lyttar i hovudtelefonar, ei ung dame les på ein laptop, ein gut les ei avis, og ein eldre mann snakkar i telefonen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Journalistiske sjangrar på radio og TV

Dei journalistiske sjangrane tek gjerne utgangspunkt i avis-journalistikken, men vi kan òg bruke denne hovudinndelinga innanfor andre medium, med ulike tilpassingar. Prinsippa er nemleg i stor grad dei same òg når vi snakkar om radio- og TV-journalistikk.

I radio og TV kan kommentar-sjangeren til dømes kome til uttrykk gjennom debattar, og feature-sjangeren kan kome til uttrykk gjennom ulike dokumentarar på radio og TV.

CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 06.04.2021

Læringsressursar

Produksjon av journalistikk