Hopp til innhald

Fagstoff

Nyheitsforteljingar og dramaturgi

Journalistiske tekstar kan delast inn i to teksttypar: skildringar og forteljingar. Ei nyheitsmelding beskriv det som har skjedd. Men dei fleste andre nyheiter er formidla med dei same dramaturgiske verkemidla som fiksjonsforteljingar.
Handa til ein mann held ein smarttelefon med ei nettavis på skjermen. I bakgrunnen ligg forskjellige papiraviser. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forteljingar om det som skjer akkurat no

Nyheiter er informasjon og forteljingar om noko som nettopp har skjedd eller nettopp har blitt kjent. Nyheitsforteljingar er baserte på fakta.

Media kan velje å formidle informasjonen i form av ei enkel skildring, til dømes som ei kort nyheitsmelding på radio. Men ofte føretrekkjer media som formidlingsform. Nyheitsartiklar, reportasjar, portrettintervju og dokumentarar er døme på nyheitsforteljingar.

Formata og kanalane til nyheitsforteljinga

Her er ei oversikt over dei vanlegaste nyheitssjangrane.

Nyheitsartikkel – kanalar og uttrykksformer

  • papiravis: skrift og bilete

  • nettavis: skrift, bilete, levande bilete og lyd

Reportasje – kanalar og uttrykksformer

  • papiravis: skrift og bilete

  • nettavis: skrift, bilete, levande bilete og lyd

  • radio: lyd

  • fjernsyn: levande bilete og lyd

  • nett-tv: levande bilete og lyd

Feature-reportasje – kanalar og uttrykksformer

  • papiravis: skrift og bilete

  • nettavis (digitale «skrolleforteljingar»): skrift og bilete, ev. levande bilete og lyd

  • radio: lyd

  • fjernsyn: levande bilete og lyd

  • nett-tv: levande bilete og lyd

  • podkast: lyd

Dokumentar – kanalar og uttrykksformer

  • radio: lyd

  • fjernsyn: levande bilete og lyd

  • nett-tv: levande bilete og lyd

  • podkast: lyd

Journalistikk og nyheitsforteljingar

Forteljingar appellerer sterkt til oss fordi dei snakkar både til hjerne og hjarte. Som andre forteljarar bruker journalistar forteljartekniske grep for å fange merksemda til publikum.

Samtidig inneber sjangeren, ifølgje professor Martin Engebretsen (1999), nokre avgrensingar for den journalistiske arbeidsprosessen.

Kontekstualiseringstvang
Ein utprega lineær struktur legg stramme føringar for arbeidsprosessen til journalisten. Alle innhaldsmomenta må ordnast i éi bestemt rekkjefølgje når forteljinga skal bli formulert.
Relasjonstvang
Omtalte personar, handlingar og hendingar må knytast saman, mellom anna ved hjelp av årsaksrelasjonar.
Reduksjonstvang
Forteljingsstrukturen set strenge rammer for korleis elementa i nyheitsmaterialet blir behandla og lagde vekt på. Av plassomsyn kan journalisten berre ta med korte utsnitt frå det kjeldene fortel. Saka må også bli vinkla og tilpassa til den forteljinga journalisten har bestemt seg for å fortelje.

Forteljingsstrukturar og teknologi

Martin Engebretsen er også oppteken av korleis digitalisering og nye mediekanalar påverkar og endrar forteljingsstrukturen i nyheitsforteljingar. Eit aspekt ved forteljingar er korleis hendingane blir plasserte i ei tidsmessig rekkjefølgje.

Lineære nyheitsforteljingar

Tradisjonelt sett har nyheitsforteljingane vore lineært oppbygde. I ei lineær forteljing blir informasjonen organisert i ei fastlagd rekkjefølgje.

Døme på lineær nyheitsforteljing

Mange nyheitsforteljingar i papiraviser, radio og fjernsyn er oppbygde slik:

KVA har hendt → KVEN er involvert → KVAR hende det → KORLEIS gjekk det for seg → KVIFOR hende det

Sjå til dømes eit par minutt av denne nyheitssendinga på NRK Supernytt om skule for flyktningar frå Ukraina.

Hypertekst-forteljingar

I ei nettavis blir innhaldet ofte organisert på ein heilt annan måte. Når du les ei nettside, kan du klikke på peikarar som fører deg vidare til andre nettsider. Dette blir kalla og er ein måte å strukturere tekstelementa i ein skjermtekst på.

Det overordna nivået er gjerne lineært, men forteljinga inneheld i tillegg lenkjer til eit hypertekstnivå som utvidar og utdjupar forteljinga. Det er opp til lesaren sjølv om hen vil fordjupe seg i hypertekstelement, og kva leserekkjefølgje det skal skje i.

Dramaturgi i nyheitsforteljingar

På linje med andre forteljingar har nyheitsforteljingar ein tydeleg dramaturgi. Hendingar blir plasserte i tid og rom og tolka inn i ein kontekst. Journalistar tildeler ofte personar, bedrifter, styresmakter og andre aktørar roller som heltar eller skurkar.

Journalistikk er aldri objektiv i den forstand at han formidlar røyndommen som han er. Ein nyheitsreportasje i aviser, radio og fjernsyn er ein alltid ei regissert framstilling der journalisten har gjort eit val om kva som skal forteljast, og korleis saka skal vinklast.

Her er nokre visuelle døme på dramaturgi i norske medium sine nyheitsforteljingar om presidentvalet i USA hausten 2020.

Fiksjonalisering av nyheitsforteljinga

Ein annan medieforskar, Soilikki Vettenranta, er oppteken av korleis dramaturgien i nyheitsforteljingane i vår tid blir påverka av den dramaturgien vi kjenner frå fiktive forteljingar. Ho meiner at nyheitsdramaturgien, spesielt i dekninga av krig og katastrofar, har utvikla seg i retning av tematiske eller nyheitsnoveller.

Behovet for å skape drama presser journalistene til å komponere en fortelling der konflikten mellom "det gode" og "det onde" er bakt inn i formidlingen. Eksistensielle spørsmål, dramatiske konflikter og grenseerfaringer finnes både i eventyr og i katastrofenyheter. Dermed bidrar nyhetene også til fiksjonalisering av virkeligheten (Vettenranta, 2018).

Kva tenkjer du ei slik fiksjonalisering av røyndommen har å seie for korleis vi oppfattar nyheiter?

Forteljarposisjonar i nyheitsforteljingar

Posisjonen til forteljaren kjem tydelegare til syne i ei forteljing enn i ein rein beskrivande tekst. Ei nyheitsforteljing er hendinga slik ho blir fortald av dei som er involverte i det som skjer, dei som ser på det som skjer, og den som formidlar det som skjer.

Her er eit døme på ei nyheitsforteljing i Dagsrevyen i 1991 i samband med kong Olavs død:

Episodiske nyheitsforteljingar

Når ein journalist publiserer ei forteljing om noko som har skjedd, kjenner hen ikkje alltid til forhistoria til og konsekvensane av hendinga idet hen trykkjer på publiseringsknappen. Neste dag lagar hen derfor ei ny forteljing som utdjupar den første forteljinga hen skreiv. Er saka stor nok, kan forteljinga vare i vekevis. Slike nyheitsforteljingar kan då kallast episodiske forteljingar.

Avslørande journalistikk har mange likskapar med eit episodisk fjernsynsdrama. Journalisten opererer nærast som ein detektiv som steg for steg nærmar seg den "skuldige", og vi ventar alle spent på neste episode i nyheitsføljetongen.

Døme: Ropstad-saka som episodisk nyheitsdrama

Mann i dress blir intervjua av mange journalistar med mikrofon. Rundt intervjuobjektet står også fleire videofotografar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Klipp frå Aftenpostens dekning av saka hausten 2021

  • 5. september: "Ropstad meldte flytting fra gutterommet først i fjor. Derfor fikk han gratis bolig fra Stortinget."

  • 5. september (leiarartikkel) "Verdier på gutterommet"

  • 17. september: "KrF-lederen sa han hadde utgifter hos foreldrene for å slippe skatt. Men Ropstad betalte ikke en krone".

  • 17. september: "Økokrim 'følger med' på avsløringene om Ropstad"

  • 18. september: "KrF-leder Kjell Ingolf Ropstad har betalt minst 680.000 kroner for lite skatt på pendlerboligene"

  • 18. september: "Kjell Ingolf Ropstad (KrF) trekker seg som partileder og går av som statsråd etter omstridt skattegrep"

  • 24. september: "Ropstad tok farvel med landsstyret i lukket møte: – Veldig vemodig, trist og spesielt"

Kjelder

Engebretsen, M. (1999). Nyheter på Nettet: Fortellinger eller informasjonsnettverk? Norsk medietidsskrift, 6(2), 93–112. https://doi.org/10.18261/ISSN0805-9535-1999-02-08

Gripsrud, J. (2002). Mediekultur, mediesamfunn (2. utg.). Universitetsforlaget.

Lindholm, M. (2001). Nyheten, fortellingen og årsaksloven. Norsk medietidsskrift, 8(2), 84–99. https://doi.org/10.18261/ISSN0805-9535-2001-02-06

Vettenranta, S. (2018). Troll, myter og den tapte sannheten. DRAMA, 55(2), 42–45. https://ntnuopen.ntnu.no/ntnu-xmlui/bitstream/handle/11250/2598219/Soilikki+Vettenranta-Drama.pdf?sequence=2

Relatert innhald

Ei forteljing kan vere oppdikta eller handle om noko som faktisk har hendt. Alle forteljingar har ei historie og ein forteljingsstruktur.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 04.02.2022

Læringsressursar

Produksjon av journalistikk