Hopp til innhald

Fagstoff

Research og vinkling

God journalistikk er tufta på grundig research. Forteljinga ein journalist formidlar, må vere truverdig og byggje på solide og etterprøvbare kjelder. Men det er vinklinga som gjer saka interessant og skil ho frå andre journalistiske forteljingar om same emne.
Ein kvinneleg journalist intervjuar ein mann i blå, rutete skjorte. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Research

Det engelske ordet research (på norsk «undersøking») blir brukt som eit fagomgrep i journalistikken om det arbeidet journalisten gjer med innsamling av data og bakgrunnsinformasjon før ei sak blir publisert.

Gjennom research avdekkjer du kva saka eigentleg handlar om, og kva sider ved saka det er viktigast å fokusere på. Arbeidet vidare går ut på å samanlikne og samanstille informasjon frå ulike kjelder og sjekke at dei kjeldene du byggjer saka på, er truverdige.

God research gjer historia di truverdig. Dersom du bli teken i å bruke udokumentert informasjon eller i å ha misforstått opplysningar, vil mottakarane ikkje feste lit til noko av det du formidlar. Berre det å skrive namnet til ei kjelde feil kan vekkje mistru.

Den danske elevtenesta Avisen i Undervisningen har laga ein video med researchar Daniel Lindgren i avisa Berlingske Tidende. Her kjem han med konkrete tips til korleis du går fram i research-fasen: Sådan researcher du en journalistisk artikel

Vinkling

Vinkling betyr at du vel å belyse eller angripe ei sak frå ein bestemt synsvinkel. Ei sak har mange sider, og det blir altfor komplisert for mottakaren å forhalde seg til alle desse sidene samtidig.

Vinklinga er ein del av research-fasen. Når du går inn i ei sak, finn du fort fram til noko som interesser deg. Den vidare researchen består då i å leite opp mest mogleg informasjon om akkurat denne sida av saka.

Arbeidet med vinkling held fram når du skal utforme den journalistiske forteljinga. Når du først har valt ei vinkling, må du halde deg til ho og ikkje la deg freiste til å ta med noko som er «litt på si», same kor interessant det er.

Den danske elevtenesta Avisen i Undervisningen har også laga ein video med Katrine Jo Andersen i Berlingske Tidende. Ho har tips til korleis du vinklar ei sak: Sådan vinkler du en journalistisk historie

CC BY-SASkrive av Ragna Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 11.03.2021

Læringsressursar

Produksjon av journalistikk