Lag enquete: digital valkamp og kjeldekritikk
Ved hjelp av ein enquete skal du finne svaret på det følgjande spørsmålet: Kva haldning har førstegongsveljarar til kjeldekritikk i ein digital valkamp?
Lag ein lydbasert enquete. Gjer intervju med fem førstegongsveljarar ved skulen din. Enqueten skal bestå av dei same to opne spørsmåla til kvart av intervjuobjekta dine.
Bruk opptaksfunksjonen på mobiltelefonen din.
Målgruppa er medelevar.
Framgangsmåte
Start med å gjere research om temaet.
Korleis bør du førebu og gjennomføre intervju til ein enquete? Les gjennom denne fagteksten: Den journalistiske arbeidsprosessen (ndla.no).
Formuler to opne spørsmål du skal stille til intervjuobjekta dine.
Finn relevante intervjuobjekt, og start intervjua. Det er bra om du klarer å finne intervjuobjekt som gir deg varierte og ulike svar.
Ver bevisst på lydforholda under opptak av intervjua. Unngå høg bakgrunnslyd og støy.
Rediger enqueten, og presenter for klassen din til slutt.
Relatert innhald
Korleis bruker dei politiske aktørane sosiale medium? Og kven har mest å vinne på å bruke sosiale medium politisk?