Hopp til innhald

Fagstoff

Planlegg ei "skrollhistorie"

Skroll, sveip, les meir! Her får du nokre tips til planlegging og produksjon av ei digital journalistisk forteljing.
Tre personar står og plasserer ulike element på ein svær skjerm. Personane er plasserte utanfor skjermen, og to av dei står på stigar. Illustrasjon.

Du kan produsere ei digital forteljing frå idé til ferdig produkt på eiga hand eller i samarbeid med andre. Til dømes kan ein journalist, ein web-utviklar og ein medieprodusent samarbeide om å lage ein produksjon.

1. Korleis starte?

Du kan lage noko interessant og spennande om det meste.

  • Kva er historia du vil fortelje?

  • Kven skriv du for?

  • Korleis kan stoffet gjerast interessant for desse?

  • Kva medietypar og kva estetikk passar til temaet og målgruppa di?

Bruk gjerne god tid på å finne ut av behov og ønske til målgruppa før du bestemmer deg for tema og fokus.

Målgruppe og plattform

Det er viktig å treffe målgruppa og få dei engasjerte og nysgjerrige på den digitale forteljinga di. Still deg desse spørsmåla: På kva plattform finn du publikummet ditt? Kva moglegheiter og avgrensingar har plattforma? Får du tak i materiale tilpassa plattforma?

Du vil gjerne at ei digital forteljing skal kunne fungere både på PC-skjerm (breiddeformat) og mobiltelefon (høgdeformat), og du må gjerne planleggje for fleire plattformer. Det er lurt å tenkje seg ei hovudplattform før du samlar inn materialet.

Research

I starten skal du innhente informasjon, vere i ein kreativ ja-fase og setje deg inn temaet og fagstoffet. Oppsøk fleire kjelder slik at du finn ut meir, finn moglege intervjuobjekt, og start å planleggje produksjonen.

  • Kva er gjort før med liknande tema?

  • Kva intervju kan du gjere?

  • Kan du tilføre noko og skape noko nytt slik at det ikkje berre blir ein kopi av noko som ligg ute allereie?

Innsamling av materiale og innhaldsproduksjon

Berbar PC med mange ulike, små inndelingar på skjermen med mikrofon, bøker, filmrull, TV, terningar og terningar med handlevogn-symbol og bokstavane F A Q. Illustrasjon.

Tenk allsidig. Samle inn meir materiale enn du reknar med å få bruk for. Lag gjerne opptaksmanus og plan. Ver likevel open for å vere i noet, og ver obs på det intervjuobjektet seier og situasjonar som går føre seg.

Pass på at du får opptak med tydeleg og god lyd, skarpe bilete og stabilt kamera utan støy i bakgrunnen. Bilete og video bør vere i breiddeformat når dei skal sjåast på ei datamaskin eller på fronten til ei nettside. Er mobil hovudplattforma, treng du ståande bilet- og videoformat. Bruker du video, bør han vere teksta og ikkje starte med automatisk lyd. Det er ikkje alle stader det passar at mobilen speler av lyd. Bestem leseretninga. Korleis skal brukaren navigere gjennom innhaldet?

Planlegg bruk av ulike medietypar
  • Foto (stillbilete og/eller biletgalleri)

  • Videoklipp

  • Tekst

  • Lydklipp

  • Animasjon

  • Grafikk

  • Illustrasjonar

  • Interaktivitet

2. Design, stil og prioritering av medietypar

Den visuelle stilen set stemninga. Bruk gjerne fleire ulike medietypar i ei digital forteljing, men pass òg på at dei passar saman stilmessig.

Teikn og skisser opp. Kva slags stil og fargar synest du passar til temaet ditt? Kva passar som hovudbilete, og kva visuelt uttrykk skal produksjonen din ha? Vil du gå for mest foto, mest illustrasjonar eller ein kombinasjon? Vil du lage biletgalleri, ha eit bilete som rullar over skjermen med eitt eller fleire sitat, leggje inn videoar eller rette mest merksemd til teksten?

Pass på flyten mellom tekst og visuelt innhald i digitale forteljingar. La dei spele saman.

Kva for ein visuell stil legg du deg på i ei sak om

  • rånemiljøet i nabobyen din

  • netthets som nesten øydela Truls (18)

  • eit vedunderbarn som er verdskjend for klassisk musikk

3. Planlegg dramaturgi

Å lage innhald om rånemiljø, utanforskap eller motorcross kan engasjere meir om vi møter ein eller fleire personar som har opplevingar og ei forteljing, enn viss saka blir veldig generell og handlar om statistikk og ekspertkjelder. Finn ut kva historia er, om du har nokre karakterar som kan bere ho, og kva rekkjefølgje elementa skal kome i for å gi ei god oppleving for publikum.

Anslag, presentasjon, utdjuping og avslutning (APUS-modellen)

Ver streng og vel ut eit tydeleg fokus. Lag ein raud tråd slik at det blir lettare for brukaren å følgje forteljinga. Kva materiale har du samla inn, og korleis skal du bruke det til å presentere historia? Kva du skal fortelje, og korleis skal du fortelje det? Kva element skal byggje i kva medietypar? Kva bør kome først, og kvifor bør det kome først? Kva styrkjer forteljinga, og kva er overflødig?

Anslaget, førsteinntrykket og innsalet er viktig for å få merksemda til eit potensielt publikum. Det kan vere eit bilete som krev at du stoppar opp, eit saftig sitat eller ein provoserande påstand. Kanskje er det eit spørsmål du berre må ha svaret på? Det er mange måtar å lage eit anslag på. Det viktige er å fange merksemda til lesaren, få han eller ho til å velje di sak og klikke seg inn for å lese og sjå meir. Du har berre ein sjanse til å gi eit godt førsteinntrykk.

I presentasjonen blir vi gjorde kjende med sentrale personar og kjernen i historia, altså kva den digitale forteljinga handlar om. Vidare ønskjer du å gå djupare inn i saka og det historia handlar om. Forteljinga må òg rundast av, og brukaren må få svar.

4. Brukartest

Det er smart å dele utkast og idéar med andre undervegs i produksjonen. Når alt er publisert, er det for seint. Fleire større medieproduksjonar, som NRK Innafor, tek med brukarar frå målgruppa for å få innspela deira til innhald som er under produksjon. Slik kan dei rette innhaldet sitt spesielt mot dei det er berekna for. Test gjerne ut delar av stoffet ditt, som anslaget, fokus og visuell stil for personar i målgruppa.

5. Publiseringsprogram

Profesjonelle aktørar som jobbar med digital innhaldsproduksjon, bruker spesialiserte publiseringsprogram. Aftenposten bruker Hyperion når dei publiserer til nettutgåva si, mens NRK bruker eit verktøy som heiter Polopoly. Internt i NRK blir omgrepet visuell historieskroll brukt om innhaldsproduksjonar publisert med Polopoly. Sjå eit døme under.

NRK: Jakten på klimaendringene

Sway, Adobe Spark, Wordpress eller Shorthand er program som du kan ha tilgang til på skulen.

6. Distribuer

Du kan leie lesarar og sjåarar inn i den digitale forteljinga di ved å ha ein eller fleire freistande framsidepluggar på framsida til nettstaden, og ved å dele innhaldslenkje i ulike sosiale medium. Du kan òg lage mobiltilpassa smakebitar som verkar som appetittvekkjarar og freistar brukaren til å lese heile forteljinga.

Kjelde

Handgaard, B. (2020). Historiefortelling på digitale plattformer. Cappelen Damm Akademisk.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid og Maren Afret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 03.09.2021

Læringsressursar

Produksjon av journalistikk