Hopp til innhald

Fagstoff

Den gode historia

Kva er ei god historie? Og korleis fortel du ho slik at ho gjer inntrykk på andre?

Kva er ei god historie?

Historia eller storyen er det forteljinga handlar om. Det hjelper lite å vere ein god forteljar dersom sjølve historia ikkje engasjerer dei som les, ser eller høyrer på.

Dei beste historiene er dei som grip fatt i noko dei fleste kan kjenne seg att i, noko som gjeld vårt eige liv. Derfor er historier om enkeltmenneske som blir utsette for prøvelsar, godt stoff, både for journalistar og for fiksjonsforfattarar. Jo nærmare desse personane er oss, geografisk eller mentalt, jo betre blir historia.

Samstundes ønskjer vi at historia skal tilføre noko nytt, noko som overskyggjer ein tidvis grå kvardag. Vi har behov for å drøyme oss bort, oppleve nye ting, få nye perspektiv og sjå nye moglegheiter.

Historier som pirrar nyfikna vår, er òg gode historier. Vi liker å vere tilskodarar til dramatiske hendingar, og usynlege vitne til sigrane og nederlaga til andre menneske.

Er historia god nok, kan ho overskyggje faktiske hendingar. Falske nyheiter og konspirasjonsteoriar appellerer til oss fordi historiene er meir spennande enn røyndommen.

Fire element i den gode historia

Ifølgje Sirin Eide bør ei god historie innehalde fire element:

  1. Ho har eit overraskande element.
  2. Ho vekkjer attkjenning.
  3. Ho speler på nyfikne.
  4. Ho har med noko som er annleis (kuriøst eller originalt).

Korleis fortel du ei god historie?

Ei god historie kan forteljast på mange måtar. I videoen nedanfor møter du to dyktige forteljarar. Leo Ajkic er kjend som programleiar i NRK. Han kom som bosnisk flyktning til Noreg som 11-åring. I 2017 fekk han Gullruten som årets beste programleiar. Guri Solberg har jobba som programleiar i NRK og TV 2, mellom anna i programmet Skal vi danse. Ho har òg laga postkastserien «Bra damer».

Kva legg Leo Ajkic og Guri Solberg vekt på når dei vel kva historier dei vil fortelje? Kva er viktigast i måten historiene blir fortalde på?

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 17.02.2021

Læringsressursar

Historieforteljing