Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Finn verkemiddel i ein podkast

Forskjellige typar podkastar bruker forskjellige verkemiddel for å engasjere og halde på lyttarane. I denne oppgåva skal du vurdere verkemidla som er brukte i ein historieforteljande podkast og i ein panelpodkast.
Ung kvinne med hodetelefonar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lytt

Therese-saken: Jenta som forsvant frå serien Oppdatert/NRK

Panelpodkast Forklart/Aftenposten

Lytt 5–10 minutt på kvar av dei to podkastane.

Skriv ned

Skriv ned ei liste med stikkord for kva slags verkemiddel som blir brukte.

  • Kva får deg til å hengje med?
  • Korleis blir interessa di halden oppe?
  • Er det brukt eit lydbilete som framhevar innhaldet?
  • Beskriv lyden og innhaldet.

Samarbeid med andre

  • Del stikkorda med ein i klassen eller i ei gruppe.
  • Diskuter kva for verkemiddel som fungerer best, og kvifor.
  • Plukk ut to–tre verkemiddel og diskuter korleis desse kan skapast og brukast i andre samanhengar, til dømes i produksjon av eigen podkast.
CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019

Læringsressursar

Historieforteljing