Øving
Roswell Enterprises – ei god forteljing?
Vurder om kortfilmen Roswell Enterprises oppfyller krava til elementa i ei god forteljing.
- Sjå kortfilmen Roswell Enterprises (2005).
- Vurder om filmen inneheld dei fire elementa i den gode forteljinga, som er at forteljinga bør
- ha eit overraskande element
- vekkje attkjenning
- spele på nysgjerrigheit
- ha med noko som er annleis (kuriøst eller originalt)
- Vurder til slutt den dramaturgiske kurva i kortfilmen. Har kortfilmen ein typisk dramaturgi som følgjer Hollywood-modellen?
Grunngi svara godt. Del gjerne tankane dine med andre.
Relatert innhald
Fagstoff
Element i den gode forteljingaOverrasking, attkjenning, nysgjerrigheit og noko kuriøst er fire element regissør og filmkonsulent Sirin Eide tilrår for å få til ei god historie.