Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Gallerivandring og bilete i reklame

Bruk av bilete er eit interessant og spennande verkemiddel for å skape reklame. I denne oppgåva skal du mellom anna bevege deg inn i eit 360-graders biletgalleri for å lære meir om bilete.
Ein tekopp som det stig damp frå, ein PC, ein terning og ein bunke papir med ein penn ligg på eit mørkt bord. Animert gif.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Visuelle element er viktige i reklame.

Oppgåve 1

  1. Du har kanskje høyrt utsegna "Eit bilete seier meir enn tusen ord". Forklar med eigne ord kva ein meiner med denne utsegna. Reflekter over kvifor bilete er viktige i reklame.

  2. Finn døme på reklame der bilete speler ei viktig rolle og reflekter over kva bileta fortel. Samarbeid gjerne med medelevar og vis reklamedøma for klassen.

Oppgåve 2

Tenk deg at du jobbar i reklamebransjen og ønskjer å innhente ny kunnskap om og inspirasjon til bruk av bilete. Løys dei neste oppgåvene ved å ta ei gallerivandring i det 360-graders biletgalleriet nedanfor.

Velkomen til gallerivandring!

  1. Gjennomfør ei gallerivandring og lær ved å sjå nærare på informasjonen ved dei ulike bileta. Start i 2. etasje og sjå på ulike døme på visuell kommunikasjon. Klikk deg inn på kvart enkelt bilete og lytt til skildringa mens du studerer biletet nærare. Noter det som er relevant for bruk av bilete i reklame, ut frå det du ser, les eller høyrer i galleriet. Del gjerne inn notata dine etter namna på romma du besøkjer i galleriet.

Namna på romma i 2. etasje
  • Påverknad gjennom bilete

  • Kommunikasjon gjennom bilete

  • Kvifor ser vi det vi ser?

  • Fargebruk

  • Persepsjon

  1. Hald fram gallerivandringa ned i 1. etasje, der biletkomposisjon er temaet. Klikk deg inn på kvart enkelt bilete og lytt til beskrivinga mens du studerer biletet nærare. Noter det som er relevant for bruk av bilete i reklame ut frå det du ser, les eller høyrer i galleriet. Del gjerne inn notata dine etter namna på romma du besøkjer i galleriet.

Namna på romma i 1. etasje
  • biletutsnitt

  • djupneverknad

  • format og linjer

  • biletvinkel

  • balanse og gjentaking

  1. Vel ut minst fem setningar av det du har skrive under gallerivandringa som du vil hugse på og ta med deg i din eigen produksjon.

  2. Tenk deg at du som marknadsførar har mange bilete du må ta til ventande reklameoppdrag. Du har mellom anna eit reklameoppdrag for ein vidaregåande skule og eit reklameoppdrag for å fremje det lokale reiselivet. Ta utgangspunkt i notata dine frå gallerivandringa og ta minimum fem bilete som kan passe til kvart reklameoppdrag. Samarbeid gjerne med medelevar. Vis nokre av bileta for klassen og forklar korleis du har brukt ulike verkemiddel.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 22.03.2021

Læringsressursar

Historieforteljing