Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Samanlikn Dagsrevyen og TV 2-nyheitene

Sjå ei sending av Dagsrevyen og TV 2-nyheitene og samanlikn nyheitsprofil, forteljeteknikk og bruk av visuelle verkemiddel.
Sportsanker Karen-Marie Ellefsen lener seg mot bordet i Dagsrevy-studioet. På andre sida står nyheitsankera Nina Owing og Knut Olsen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1: Nyheitsprofil

Sjå sendinga frå Dagsrevyen klkolla 19:00 og TV 2 si nyheitssending klokka 21:00 på TV same dag. Desse sendingane finn du også på nettplattformene til kanalane:

  1. Lag ei skisse over innslaga i dei to sendingane og kva rekkefølgje innslaga kjem i.
  2. Kva for seksjonar er innhaldet i Dagsrevyen delt inn i?
  3. Kva for seksjonar er innhaldet i TV 2-nyheitene delt inn i?
  4. Kva er hovudoppslaget i Dagsrevyen denne dagen?
  5. Kva er hovudoppslaget i TV 2-nyheitene?
  6. Kva for nyheitskriterium ligg til grunn for at dei har valt desse to oppslaga?
  7. Kva for andre nyheiter har fått stor plass i sendingane?
  8. Samanlikn nyheitsprofilen. Kva er likt? Kva er forskjellig?

Oppgåve 2: forteljeteknikk og visuelle verkemiddel

  1. Studer vignettane til dei to programma. Korleis er dei utforma? Kva signaliserer dei?
  2. Beskriv nyheitsstudioet som scene: bruk av fargar, figurar, animerte rørsler, rekvisittar og framtoninga til programleiarane (klesdrakt, mimikk). Kva er likt? Kva er forskjellig?

  3. Vel nyheitsmeldingar som er felles for begge nyheitssendingane. Blir det brukt levande bilete i samband med desse nyheitsmeldingane? Har kanalane brukt forskjellige bilete? Kvifor? Kvifor ikkje?
  4. Korleis er samspelet mellom teksten som blir lesen i nyheitsstudioet, og det vi ser på bileta?
  5. Samanlikn måten nyheitsankera bind innslaga saman på. Kva er likt? Kva er forskjellig?
  6. Samanlikn måten nyheitsankera og sportsankera opptrer på. Kva er likt? Kva er forskjellig?
CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 22.12.2017

Læringsressursar

Historieforteljing