Lag eit portrettintervju: førebuingsfasen
Denne læringsressursen gir deg råd og tips til korleis du kan løyse denne oppgåva:
«Research» er det arbeidet du gjer før intervjuet. Målet er å vere mest mogleg førebudd slik at du kan stille gode spørsmål.
Research på internett: Bruk 15 minutt på å finne ut mest mogleg om intervjuobjektet ditt ved å bruke internett. Du kan til dømes sjekke ut sosiale medium som Instagram, Facebook og TikTok, og du kan søkje på namnet til intervjuobjektet i ein søkjemotor.
Ver varsam med sensitiv informasjon: Dersom du finn informasjon som kan setje intervjuobjektet i eit dårleg lys, eller som er av privat karakter, må du vere varsam. Opplys, avklar og bli einig med intervjuobjektet om korleis du skal handtere slik informasjon.
Oppsøk nære kjende av intervjuobjektet: Familie, venner og kollegaer kan gi god informasjon om personen du skal intervjue. Det er nemleg ved å oppsøkje mange ulike kjelder du kan få brei informasjon om intervjuobjektet ditt. Målet med portrettintervjuet er å gå i djupna og gi publikum ny kunnskap om personen. Skriv ned eller ta opp det kjeldene dine seier, med mobiltelefonen.
Gode spørsmål er viktig for å få til både eit spennande intervju og eit godt sluttprodukt. Men kva kjenneteiknar gode spørsmål?
Lag spørsmål som er opne. Det vil seie at du ikkje skal stille ja/nei-spørsmål, men spørsmål der intervjuobjekt kan utdjupe kva ho eller han meiner.
Ta utgangspunkt i det du fann ut i researchen: Til dømes: «Alle seier at du er ein snill gut, men har du nokon ‘slemme' sider òg?»
Lag mange spørsmål! Det er betre å ha med for mange spørsmål enn for få. Då kan du heller sløyfe dei du meiner er mindre relevante, om tida blir for knapp.
Hugs å avklare om det er i orden for intervjuobjektet, dersom du vil ta bilete og/eller gjere opptak.