Hopp til innhald

Fagstoff

Komposisjonsprinsipp

Når du skal designe eller lage eit produkt, set du saman former, fargar og typografi til ein heilskap. Du tek estetiske val, samtidig som du må ta omsyn til ønska og behovet til kunden. Her får du ei innføring i grunnleggjande prinsipp for komposisjon.
Kvinne som ser på forsida på eit motemagasin på nettbrett. Foto.

Komposisjon av visuelle bodskap

Å komponere visuelle bodskap vil seie å setje saman bilet- og formelement slik at heilskapen blir meiningsfull og funksjonell. I tillegg skal det visuelle bodskapet ha ein viss estetisk kvalitet, det skal verke tiltalande og spennande.

Grunnreglane for korleis vi set saman element (enkeltdelar) til ein heilskap, kallar vi for komposisjonsprinsipp. Formålstenleg bruk av komposisjonsprinsipp

  • understrekar bodskapet
  • skaper liv og oversikt
  • skaper samanheng mellom delane
  • skaper harmonisk og estetisk heilskap
  • gjer at vi opplever komposisjonen som god

Vanlegvis bruker vi fleire ulike komposisjonsprinsipp i éin og same komposisjon.

Harmoni og dynamikk

Harmoni og dynamikk er to hovudprinsipp som står i motsetning til kvarandre: Harmoni står for ro, balanse og samklang, medan dynamikk handlar om rørsle og kraft. Eit design kan til dømes pregast av komposisjonsprinsipp som skaper harmoni – eller motsett, designskaparen kan ha lagt mest vekt på komposisjonsprinsipp som skaper dynamikk.

Einskap

Med einskap meiner vi at ein opplever komposisjonen som ein heilskap. Det kan vi oppnå på ulike måtar. Til dømes kan vi gjenta ei form eller ein farge meir eller mindre regelmessig, omtrent som eit refreng eller ein bestemd rytme i ein musikkomposisjon.

Kontrastar

Magasinframside med ein illustrasjon av ein mann i raud dress,  med solbriller, mørkt hår og skjegg, i framgrunnen. Bakgrunnen er halden i ein kontrasterande blåtone. Illustrasjon.

Ordet kontrast betyr motsetning eller forskjell. I visuelt design kan vi bruke kontrastar mellom fargar, former, linjer eller overflater. Dersom vi bruker store kontrastar, til dømes fargar som er svært ulike, vil vi skape spenning og liv. Er kontrastane små, vil produktet verke rolegare.

Når vi designar ei magasinframside, kan vi til dømes skape fargekontrastar mellom bakgrunn og framgrunn, eller vi kan skape kontrastar ved å bruke ulike skrifttypar og skriftstorleikar.

Balanse

Orda balanse betyr likevekt, og vi søkjer som regel etter balanse i omgivnadene våre. Derfor er det viktig at lesaren ikkje opplever at ein komposisjon "vippar" mot den eine eller den andre sida.

To skråstilte, stor flater fylte med veldig småe, kvite blomstrar. Oppå den eine flata ligg det ein kvit orkidé, og oppå den andre flata ligg det nokre orkidé-blomsterknoppar. Bakgrunnen er mørk. Foto.

Å skape balanse handlar ikkje nødvendigvis om å ha like mange element på venstre og høgre eller øvre og nedre halvdel av ei side. Nokre fargar er lyse og verkar lette, medan andre er mørke og verkar tunge. Nokre element er kompakte, medan andre er meir transparente. Fordelinga av fargar og element og bruk av luft (mellomrom) mellom elementa kan skape visuell likevekt i eit arbeid.

Asymmetrisk balanse

Asymmetrisk balanse vil seie at objekt og fargar er ulikt fordelte på sida, men likevel slik at dei balanserer kvarandre. Om vi deler blomsterbiletet til høgre med ein tenkt midtakse, er dei to halvdelane ulike. Biletet som heilskap er delt opp i lyse og mørke flater som er ulikt store og ulikt plasserte. Dei lyse flatene er størst: Kvitt er ein lett farge, og det krevst derfor større flater med kvitt for å balansere dei tyngre svarte felta. Den asymmetriske fordelinga av lyse og mørke flater skaper i tillegg rørsle og spenning.

Interiør i Håkonshallen ved Bergenhus festning. Hallen blei bygd i 1261 og er restaurert. Foto.

Symmetrisk balanse

Symmetrisk balanse vil seie at vi plasserer forholdsvis like objekt på kvar side av ein tenkt akse. Symmetrisk balanse skaper harmoni, men kan fort opplevast som stilleståande og kjedeleg. Interiøret i Håkonshallen ved Bergenhus festning er plassert slik at det blir symmetri om ein midtakse i rommet. Når komposisjonen er heilt lik på begge sider av ein midtakse, seier vi at han speglar seg.

Equinor-logoen. Ikon som er sett saman av seks element lik kronblada på ein blomster. Blada er ulikt store. Det største bladet er plassert øvst til venstre. Dei andre blada blir stadig mindre, i retning mot klokka. Illustrasjon.

Ei anna form for symmetrisk balanse er radial balanse. Då stråler forma ut frå eit midtpunkt, slik som kronblad rundt ein blomster. Dette kan fort bli veldig statisk, men i eit symbol eller ikon, i ein logo eller på eit skilt kan det likevel fungere fint, for slike former er lette å oppfatte og hugse. I logoen til Equinor til dømes er utgangspunktet radial symmetri, men det er tilført kontrast gjennom storleiksforskjellen mellom dei ulike "blada".

Ein bukett lilla blomstrar med glatte grøne blad står på eit bord. To tredelar av buketten er over bindepunktet, den siste tredelen under. Foto.

Proporsjonar

Ordet proporsjon betyr (storleiks)forhold. Når vi komponerer eit visuelt uttrykk, må vi ta stilling til kor store dei ulike elementa skal vere i forhold til kvarandre. Vi må òg tenkje over kvar på flata vi plasserer eit motiv. Målet er at heilskapen skal bli harmonisk, men ikkje kjedeleg.

Dei aller fleste nybyrjarane plasserer element i midten på ei flate. Resultatet er eit nokså statisk uttrykk. Vi kan skape eit meir dynamisk design om vi bruker tredelsregelen eller det gylne snittet.

Bilete av heisekran i solnedgang, med rutenett som markerer tredelsregelen. Biletflata er delt i ni like store delar ved hjelp av to vertikale og to horisontale linjer, alle plasserte i lik avstand frå kvarandre. Foto.

Tredelsregelen

Dersom vi tenkjer oss at vi deler flata på produktet eller arbeidet vårt i tre delar horisontalt (vassrett) og vertikalt (loddrett), vil vi få eit rutenett med ni ruter. Vi kan då plassere eit blikkfang, eit biletmotiv eller eit anna viktig element langs linjene eller i eitt av dei fire fokuspunkta der linjene kryssar kvarandre. På denne måten vil vi òg dele opp flata i eit proporsjonalt forhold på 1:2.

I fotografiet som viser tredelsregelen er det ei heisekran som er motivet. Krana har to sentrale punkt, førarhuset og toppen på kranarmen. Dei er plasserte i kvart sitt skjerings- eller fokuspunkt. Dette bidrar til at komposisjonen verkar balansert, men utan å bli kjedeleg. Blikket vårt blir trekt frå det eine punktet til det andre, og tilbake igjen. Denne dynamikken blir forsterka av at sola er plassert langsmed den diagonale linja mellom fokuspunkta.

Det gylne snittet

Sommerfugl som sit på eit strå. Sommerfuglen er plassert i det gylne snittet, litt til venstre og litt lenger nede enn oppe i biletet. Foto.

Det gylne snittet er ein måte å dele opp ei flate på som kan minne litt om tredelsregelen. Enkelt forklart kan vi dele ei linje i åtte like store delar, og då finn vi det gylne snittet i den femte delen. Dette komposisjonsprinsippet har vore i bruk heilt sidan antikken, og vi opplever det som den mest harmoniske måten å dele ei linje, ei flate eller ei form på. Vi kan elles finne det gylne snittet òg i naturen.

Det gylne snittet er vanleg å bruke i fotografi. Ein plasserer då motivet litt mot høgre eller venstre på biletflata.

Rørsle

I framgrunnen ein innsjø med stille vatn. Ved breidda av innsjøen ein strandpromenade. Langsmed strandpromenaden står det seks store, smale og høge tre på rekkje og rad . Foto.

Når vi snakkar om rørsle i ein komposisjon, tenkjer vi som regel ikkje på objekt som rører seg fysisk. Det er blikket vårt som flyttar på seg, det følgjer automatisk linjer eller former i komposisjonen medan vi "les".

Vi kan bruke linjer og former for å skape retningar og rørsle og gi eit medieprodukt liv og spenning. Ein komposisjon utan rørsle blir lett einsformig og kjedeleg.

Tang som flyt i diagonal retning og oppover. Foto.

Horisontale og vertikale linjer skaper ro, skrålinjer, bølgjer eller s-linjer skaper rørsle og dynamikk.

Til høgre ser vi eit fotografi av tang og småfiskar under vatn. Tangen ligg og flyt i skrå retning og oppover. Også lysstripene som trengjer gjennom vassoverflata, dannar skrålinjer. På denne måten blir det skapt spenning og liv i eit bilete som i utgangspunktet inneheld få element og fargar.

Rytme

Ein messestand som består av to vegger med fargerike former, nokre tekstilprøver og eit signaturmøbel oppå eit rundt teppe. Foto.

Ein rytme er ei meir eller mindre regelmessig veksling eller rørsle. I musikk, dikt og tale er rytme ei regelmessig veksling mellom trykksterke og trykksvake tonar eller stavingar. I komposisjonar skaper vi rytme ved å gjenta linjer, former og fargar.

Vi kan skape ein regelmessig rytme ved å gjenta former, linjer eller grupperingar i lik avstand frå kvarandre. Eller vi kan skape ein uregelmessig rytme, med ulik avstand mellom elementa. Likevel grupperer vi gjerne elementa slik at det blir ei viss ro og ein harmoni over heilskapen.

I messestanden til bedrifta MIJO design blir dei ulike fargane og formene gjentekne på ein uregelmessig måte. Likevel opplever vi messestanden som ein visuell heilskap. Til dømes dannar teppet under sitjemøbelet ein godt synleg mørkeblå sirkel som samlar komposisjonen. Om vi ser godt etter, blir sirkelforma gjenteken på veggen bak og på skapdøra til venstre.

Sirkelen er ei form som vi lett oppfattar og som auget vårt stadig blir trekt mot. På denne måten blir møbelet, saman med teppet, også eit blikkfang.

Blikkfang

Nyttårskort med raud bakgrunnsfarge. I midten årstalet 2020, skrive med store bokstavar og i ein blank gullfarge. Teksten "Happy New Year" står med kvit skrift og små bokstavar på nedre del av kortet. Foto.

Blikkfanget er det første blikke vårt blir trekt mot i ein komposisjon. Eit tydeleg blikkfang kallar vi ofte òg for eit dominerande punkt eller eit dominerande element.

Sterke, varme fargar som raudt, oransje og gult kan i seg sjølv fungere som blikkfang. Kontrastar mellom overflater, fargar eller former kan òg brukast til framheve og skilje ut element.

På nyttårskortet til høgre er bakgrunnen raud. Årstalet 2020 er plassert i midten og står skrive med store siffer i ein blank, gyllen farge. Både fargekontrasten, gullfargen og plasseringa er med på å gjere årstalet til blikkfanget på kortet.

CC BY-SASkrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 22.09.2020

Læringsressursar

Innføring i grafisk design