Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis jobbe med leietekstar

Gode leietekstar er viktig når du skal bruke praterobot i læringsarbeid. Her går vi gjennom seks konkrete tips til korleis du kan formulere leietekstar slik at du får den hjelpa du treng frå prateroboten.
Ein person står framfor ei enorm maskin som matar ut papir med tekst. Illustrasjon.

Innlogging på NDLAs praterobot

Ver merksam på at digitale tenester med innlogging kan samle inn persondata, og at dette krev databehandlaravtale.

Bruk til dømes NDLAs praterobot dersom han er tilgjengeleg for skulen din. Du finn han ved å logge deg inn på Min NDLA.

Kva er ein leietekst?

Ein leietekst er instruksen vi skriv inn i ein praterobot. For å få mest mogleg ut av ein praterobot må du øve deg og lære deg kunsten å lage gode leietekstar. Vi formulerer leietekstar på ulike måtar avhengig av kva vi bruker prateroboten til. Gode leietekstar bidreg til at vi får den hjelpa vi treng.

Kva vil du?

Du må vite kva du vil. Er du usikker på kva du er ute etter, vil svara du får frå prateroboten, vere vage og upresise òg. Før du startar ei økt med ein praterobot, bør du ha klart for deg kva du er interessert i å lære meir om, kva du vil utforske, eller kva du treng hjelp til å forstå.

Er det eit fagleg tema du skal setje deg inn i og forstå? Skal du setje deg inn i ei problemstilling? Eller skal du finne løysinga på eit praktisk problem? Jo betre du kjenner emnet på førehand, jo enklare er det å få hjelp av prateroboten.

Prøv, sjekk, juster og gjenta

Du må vere førebudd på prøving og feiling, det vi kallar iterasjonar, når du bruker praterobotar. Er svaret til prateroboten relevant? Er det hjelp i han? Dersom leieteksten ikkje gir deg nyttige eller fornuftige svar med éin gong, må du forandre ord, formulere om, starte på nytt eller følge opp med nye instruksar. Har du gode nok fagkunnskapar til å vurdere om svara du får, er rette?

Ver merksam på at ulike språkmodellar (som GPT-3.5, GPT-4o, Claude, Llama), responderer ulikt på dei same leietekstane. Den iterative framgangsmåten (prøv, sjekk, juster og gjenta) vil likevel vere nyttig. Det same er dei utvalde tipsa under.

Seks tips til gode leietekstar

Modell som illustrerer dei seks tipsa til gode leietekstar som er beskrivne i brødteksten. Oppgåve er beskrive som obligatorisk. Kontekst og tone og rolle er beskrivne som viktig. Format, logisk rekkefølge og oppfølgingsspørsmål kan prøve deg fram med. Illustrasjon.

1. Gi roboten ei oppgåve med presise ord og fagomgrep

Kva skal prateroboten hjelpe deg med? Skal han til dømes forklare, tilrå, utvikle, samanfatte, bruke eller analysere? Du må må bruke ord som gir han ei klart definert oppgåve, i leieteksten.

Kva omgrep du vel å bruke, er viktige elles i instruksen òg. Jo meir nøyaktig du formulerer ein leietekst, jo betre svar får du. Presis omgrepsbruk er til dømes når du skriv "Paris" i staden for "Frankrike" eller ein bestemd dato i staden for ei årstid. Eit faguttrykk vil vere meir presist enn eit ord frå daglegtalen.

Kor presist klarer du å formulere leietekstar?

Vagt

Meir presist

Fortel meg om geografi.Beskriv kjenneteikn ved landskapsformer og vegetasjon for regnskogen i Amazonas.
Gi meg tilbakemelding på teksten min.Korleis kan eg gjere teksten min meir engasjerande?

2. Gi roboten ei rolle og ein tone

Rolla prateroboten får tildelt, gjer at språket han bruker i det genererte svaret, passar til rolla. Seier du at han skal snakke som ein ekspert, vil språket vere meir avansert og detaljert enn om du seier at han skal vere ein grunnskulelærar. Du kan òg gi ei rolle til mottakaren av teksten, og du kan forandre roller undervegs i ein samtale. Når du angir roller, vil fokuset i svaret ofte vere avgrensa og meir relevant. Du kan òg gi beskrivingar av tonen eller stilen du vil roboten skal svare i.

Her er nokre døme:

  • "Ver ein geograf."

  • "Du er ein ekspert på regnskog."

  • "Ta rolla som reiseleiar."

  • "Ver oppmuntrande og uformell" eller "Ver positiv og entusiastisk".

  • "Snakk som ein høgrepolitikar."

  • "Svar akademisk" eller "Svar i eit poetisk språk".

3. Beskriv situasjonen til prateroboten, gi han ein kontekst

Ein praterobot vil komme med betre og meir relevante svar dersom du gir han ein kontekst. I kva samanheng stiller du spørsmålet? Kvar, når og kvifor treng du svar på instruksen?

Her er nokre døme:

  • Du ønsker å få tilbakemelding på ein tekst du har skrive. Konteksten du gir roboten då, kan til dømes vere: "Gi ei tilbakemelding som om du er lærar i geografi til ein elev som går i [trinn] på vidaregåande. Oppgåva eg jobbar med, er [oppgåve]. Kor godt svarer vedlagde tekst på oppgåva? [tekst]."

  • Du vil ha eit forslag til ei pressemelding som skal sendast til lokalavisa. Konteksten du gir roboten, kan vere: "Restaurant og matfag på vidaregåande i [stadnamn] inviterer befolkninga til å vinne eit trerettars måltid. Lag ei pressemelding til lokalavisa."

  • Du vil ha hjelp til å forstå eit vanskeleg avsnitt i ein fagartikkel. Då kan du gi roboten denne konteksten: "Eg er skuleelev på vidaregåande [klassetrinn] og jobbar med å forstå problemstillinga [problemstilling] innanfor temaet [tema]. Kan du forklare dette avsnittet for meg: [avsnitt].

4. Bestill / gi døme på format

I kva format vil du ha svaret? Bestill formatet. Legg òg til informasjon om kor langt svaret skal vere, eller kor mange punkt eller setningar du vil ha.

Her er nokre døme:

  • "Svar med tre punkt."

  • "Svar med eit avsnitt på fire setningar."

  • "Lag ein fagtekst på 800 ord."

  • "Lag ein kommentar på 200 ord til eit fagblad for lærarar."

  • "Lag eit manus til ein film på to minutt med tre roller."

  • "Set opp svaret i ein tabell med tre kolonnar og fem rader."

  • "Svar med kode."

5. Gi instruksar i ei logisk rekkefølge

Ver merksam på rekkefølga på instruksane du gir, og ta berre med ord og uttrykk som er relevante. Upresise ord kan forstyrre svaret. Gå gjerne frå det generelle til det meir spesifikke. Det fungerer ofte betre om du startar ein instruks med kva roboten er og/eller skal gjere, for så å beskrive målgruppa og gi fleire detaljar. Du kan òg beskrive resultatet du forventar.

Prøv å bygge opp ein leietekst etter dette mønsteret, men med eit anna tema:

"Skriv (1) ein guide (2) for nybyrjarar (3) i bruk (4) av ei programvare (5) for grafiske designarar (6) som jobbar (7) med digital marknadsføring (8)."

Følg opp med nye spørsmål dersom du treng utdjuping av enkeltpunkt.

6. Før ein samtale og still oppfølgingsspørsmål

I staden for å gi alle instruksar i ein leietekst kan du òg fordele dei utover i ein samtale. Teknikken kan òg hjelpe deg med å få større klarheit i kva du vil ha hjelp til, og avgrense oppgåva du skal løyse.

Her er ein serie med leietekstar du kan bruke etter kvarandre for å få hjelp i arbeidet med ein fagtekst:

  1. "Kan du liste opp undertema til [eit valt tverrfagleg tema]?"

  2. "Gi ei enkel oppsummering av emnet [...] i fem setningar?"

  3. "Formuler tre ulike påstandar innanfor [...]?"

  4. "Kan du gi meg tre sentrale fagomgrep eg må bruke for å drøfte påstanden [...]?"

  5. "Kan du foreslå ein disposisjon for fagteksten?"

  6. "Kva er det viktig å tenke på når eg skal skrive ein fagtekst med ein påstand som utgangspunkt?"

Kjelder

Bowen, J. A. & Watson, C. E. (2024). Teaching with AI: A Practical Guide to a New Era of Human Learning. John Hopkins University Press.

Måge, E. (u.å.). Hvordan komme i gang? Vi starter å skrive essay [Lysarkpresentasjon]. https://drive.google.com/file/d/1AkaPg0VzzTYxhanbwOS-0lBvnUbV7Vg5/view

Digital Ocean. (u.å.). Prompt Engineering Best Practices: Tips, Tricks, and Tools. https://www.digitalocean.com/resources/article/prompt-engineering-best-practices

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 07.08.2024

Læringsressursar

Å lære med praterobotar