Hopp til innhald

Fagstoff

Praterobottips til eleven

Bruk praterobotar som ein ekstra læringsmuskel!

Sentrale omgrep

Praterobot/chatbot
Ein praterobot er eit program som har trent på store tekstmengder, og han genererer tekst basert på det vi ber han om å gjere.
Leietekst/prompt
Instruksane eller spørsmåla vi skriv til ein praterobot, kallar vi leietekstar (eller prompts, som er det engelske omgrepet).
Generert tekst
Teksten som prateroboten lagar/genererer, blir kalla generert tekst.
Hallusinering
Når prateroboten "lyg" og generer noko som ikkje stemmer, seier vi at han hallusinerer.
Systemleietekst
Hovudinstruksen til prateroboten, som han hugsar gjennom heile samtalen, kallar vi systemleietekst. Ein praterobot du skal bruke til skulearbeid, kan til dømes ha systemleieteksten: "Skriv som om du er ein elevhjelpar for elevar på vidaregåande skule. Ver pedagogisk og motiverande."

👉 Viktig å vite

  • Ikkje legg sensitiv informasjon inn i praterobotar, last heller ikkje opp bilete av personar.

  • Ver alltid open om når og korleis du har brukt praterobotar i læringsarbeidet ditt.

  • Ver alltid kritisk til svara frå ein praterobot. Han svarer med utgangspunkt i berekningar og sannsynsrekning. Han har inga forståing for innhaldet han genererer.

  • Sjekk alle faktaopplysningar frå praterobotar opp mot uavhengige og pålitelege kjelder. Dersom du ikkje kan få stadfesta opplysningane hos andre kjelder, har sannsynlegvis prateroboten berre funne på dei.

  • Betydninga av retningslinjer kan variere frå oppgåve til oppgåve, frå fag til fag og frå lærar til lærar. Er du i tvil om kva som gjeld for det du jobbar med akkurat no, spør læraren din!

👍 God bruk av praterobotar

Inspirasjon

  • Be om tips til idéar dersom du treng å bli inspirert.

  • Få tips til problemstillingar og påstandar du kan jobbe vidare med.

Læringsassistent

  • Spør om hjelp til å forstå ei oppgåve.

  • Spør om forslag til ulike måtar å løyse ei oppgåve på.

  • Få hjelp til å forstå faglege tema og omgrep.

  • Spør om lister over fagomgrep.

  • Få samandrag av lange tekstar.

  • Be om forklaringar på vanskelege omgrep og setningar.

  • Få hjelp til å teste og øve opp kunnskapar innanfor eit fag eller tema.

  • Få hjelp i arbeid med programmering.

Tekstarbeid

  • Be om hjelp til organisering og rydding av notat eller til å omarbeide og organisere innhald.

  • Spør om hjelp til å lage ein disposisjon til ein tekst.

  • Få tips til argument både for og imot ei sak.

  • Få hjelp til rettskriving og omsetjing.

👎 Dårleg bruk av praterobotar

Du bør ikkje

  • generere innhald du leverer som om det er ditt

  • stole på og bruke fagleg innhald, utan å dobbeltsjekke med andre kjelder

  • stole blindt på rettingar av tekstane dine

  • generere innhald du ikkje bruker eller les gjennom (berekraft – bruk av praterobotar krev enormt mykje kraft)

Kjelder

Møre og Romsdal fylkeskommune. (u.å.). Retningslinjer for bruk av KI i skolen. Henta 12. april 2024 frå https://mrfylke.no/tenester/skole-og-opplaring/opplaring-i-skole/ikt-og-elev-pc/kunstig-intelligens-i-skolen/retningslinjer-for-bruk-av-ki-i-skolen/

Osloskolen. (2024, 11. mars). Kunstig intelligens (KI) i Osloskolen. Henta 12. april 2024 frå https://aktuelt.osloskolen.no/larerik-bruk-av-laringsteknologi/digital-skolehverdag/kunstig-intelligens-ki-i-osloskolen/

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge og Stina Åshildsdatter Grolid .
Sist fagleg oppdatert 18.03.2024

Læringsressursar

Å lære med praterobotar