Hopp til innhald

Fagstoff

Liste med leietekstmalar

Her finn du leietekstar du kan ta utgangspunkt i når du skal bruke praterobotar som hjelp til læring. Øving gjer meister!

Lista med leietekstar under gir deg eit utgangspunkt, ein stad å starte. Du må truleg gjere fleire forsøk og justeringar, altså iterasjonar, for å få det til å fungere akkurat slik at du treng det.

Leietekstar til ulike formål

Leietekstane er funne, justerte, testa og sette om frå ei rekke kjelder. Dei viktigaste kjeldene er MOOCAHUSET ved OsloMet, Høgskolen i Østfold, fagartiklar på NDLA og YouTube-presentasjonar.

Forstå omgrep

  • Forstå fagomgrep

    • "Svar som ein lærar i [fag]. Kan du bryte ned og forklare konseptet [tema] med eit enkelt og tydeleg språk? Tenk at du skal forklare det for ein 15-åring utan nokon forkunnskapar om temaet."

  • Arbeid systematisk med fagomgrep

    • "Svar som ein lærar i [fag]. Kva betyr [omgrep/setning]? Gi meg praktiske døme relaterte til [utdanningsprogram] som hjelper meg å forstå."

    • "Kan du lage [tal] casar for [målgruppe] som skal jobbe med [utfordring]?"

    • "Definer omgrepet [omgrep/faguttrykk]."

    • "Forklar omgrepet [omgrep/faguttrykk] for meg ved hjelp av døme."

    • "Forklar kva [omgrep/faguttrykk] betyr, og gi meg eit praktisk døme."

    • "Korleis fungerer [omgrep/faguttrykk]?"

    • "Forklar for ein 15-åring korleis [omgrep/faguttrykk] fungerer."

  • Lag ordlister

    • "Lag ei oversikt over dei mest sentrale omgrepa innanfor [fag/emne/tema]."

    • "Set opp ei liste med 20 prosent av dei mest relevante faguttrykka i [fag/emne/tema]."

  • Få ordforklaringar

    • "Forklar forskjellen på [omgrep/faguttrykk/setning 1] og [omgrep/faguttrykk/setning 2]".

Forstå tekstar

  • Bestill eit samandrag

    • "Skriv som ei kopieringsmaskin. Eg vil gi deg ein [type tekst]. Du skal samanfatte hovudpunkta og dei viktigaste poenga. Pass på at oppsummeringa får med seg kjerneinnhaldet i teksten: [Lim inn tekst.]"

    • "Lag ei punktliste med hovudtrekk frå teksten."

    • "Skriv eit kort avsnitt om det viktigaste i teksten."

  • Forstå setningar

    • "Kva betyr dette: 'The AI Act is the first-ever legal framework on AI, which addresses the risks of AI and positions Europe to play a leading role globally.'"

  • Forstå vanskelege delar av ein tekst

    • "Kan du skrive det på ein enklare måte? Kan du omformulere denne teksten?"

    • "Kan du forklare det slik at ein vidaregåandeelev/tiåring/nybyrjar forstår det?"

    • "Kan du skrive teksten i ?"

    • "Kan du skrive teksten med liks (lesbarheitsindeks) på 25–40?"

Få hjelp til å skrive tekstar

  • Få prateroboten til å vurdere teksten som ein lærar

    • "Svar som ein lærar i [fag]. Eg skal gi deg ein tekst. Du må identifisere feil i struktur, vokabular og grammatikk. Deretter vil eg at du skal lage ein tabell med alle feila mine, der du har ein kolonne med feila mine og ein annan kolonne der du forklarer kvifor det er feil, som om eg er ein tiåring. [Lim inn tekst.]"

  • Få prateroboten til å vurdere teksten som ein avisredaktør

    • "Svar som ein avisredaktør. Eg skal dele ein tekst med deg om [tema]. Oppgåva di er å gi meg konstruktiv tilbakemelding på teksten. Du må seie noko om klarleiken til bodskapen, djupna, grammatikken og vokabularet i teksten og dessutan det heilskaplege inntrykket ditt av presentasjonen. Skriv tilbakemeldinga i eit språk tilpassa ein vidaregåandeelev. Presenter tilbakemeldingane i ein tabell. Ikkje skriv om den originale teksten. [Lim inn tekst.]"

  • Gjere setningsstruktur og grammatikk betre

    • "Eg treng å jobbe med setningsstruktur og grammatikk i den vedlagde teksten. Kva råd vil du gi for å hjelpe meg å gjere dette betre? [Lim inn utkast.]"

  • Få tittelforslag

    • "Eg skal skrive [type tekst] i [fag] om [emne/tema] for [målgruppe] som handlar om [kort innhaldsbeskriving]. Lag [tal] forslag til ein spenstig [tittel/overskrift] med god relevans for innhaldet, men som òg kan vekke interesse og egge fantasien."

  • Ha ein trinnvis dialog til oppstart av fagartiklar

    • "Kan du liste opp undertema til [valt tema]?" (Vel deretter eit undertema.)

    • "Gi ei enkel oppsummering av undertemaet [...] i fem setningar." (Kopier oppsummering.)

    • "Formuler tre ulike påstandar om [...]?" (Vel deretter ein av påstandane.)

    • "Kan du gi meg tre sentrale fagomgrep eg må bruke for å drøfte påstanden [...]?"

    • "Kan du foreslå ein disposisjon for fagteksten?"

    • "Kva er viktig å tenke på når eg skal skrive ein fagtekst med ein påstand som utgangspunkt?"

  • Kom i gang

    • "Svar som ein lærar i [fag]. Eg skal skrive ein [type tekst] om [tema]. Kan du hjelpe meg å strukturere teksten og fortelje meg kva eg bør ta med?"

  • Få manus til ein presentasjon

    • "Svar som ein læringsdesignar. Eg er ein [alder] år gammal elev. Form ein [tal] minutt lang presentasjon om [tema] for [type publikum]. Gi meg ei oversikt over detaljar for kvar del, som beskriv relevant nøkkelinformasjon. Presenter delane i ein tabell. Gi meg òg nokre tips til korleis eg skal presentere på ein god og engasjerande måte."

Førebu deg til debatt

  • Få argument

    • "Presenter dei tre sterkaste argumenta [for/imot] påstanden [set inn påstand]. Argumenta må vere støtta med relevante døme. Presenter argumenta slik at ein 15-årig elev kan forstå dei."

  • Køyr debatt med prateroboten

    • "Du er ein ekspertdebattant. Eg vil gi deg nokre argument. Du skal utfordre kvart argument og gi meg motstand. Styrk argumenta dine med gode og solide refleksjonar. Presenter argumenta sånn at ein [alderen din] år gammal elev vil forstå dei."

Arbeid med framandspråk

  • Bruk prateroboten som samtalepartnar

    • "Svar som ein samtalepartnar. Du skal starte ein samtale med meg om [tema] på [språk]. For kvart svar skal du seie di meining og stille eit spørsmål tilbake for å halde samtalen i gang. Tilpass språket til [nivå eller trinn]."

  • Få tilbakemelding på ein tekst

    • "Svar som ein lærar i [fag]. Eg gir deg ein tekst på [språk]. Du må identifisere feil i struktur, vokabular og grammatikk. Deretter vil eg at du skal lage ein tabell med alle feila mine, der du har ein kolonne med feila mine og ein annan kolonne der du forklarer kvifor det er feil, som om eg er ein tiåring."

Bruk prateroboten som læringsassistent i fellesfag

  • Bli testa

    • "Svar som ein lærar i [fag] på [trinn]. Du skal stille meg spørsmål om [tema], eitt spørsmål om gongen. Vent på svar og gi meg ei tilbakemelding på svaret mitt. Ikkje gå vidare før eg skriv 'neste'."

  • Lag ein quiz

    • "Skriv som ein lærar i [fag]. Lag ein fleirvalstest som handlar om [tema] med [tal] spørsmål. Lag ulike typar spørsmål som sikrar eit variert nivå, og som styrker læring og forståing. Presenter spørsmåla eitt om gongen, og gi meg deretter tilbakemelding og forklaring på svara mine."

  • Få spørsmål og evaluering

    • "Svar som ein lærar i [fag]. Eg er ein [alder] år gammal elev på vidaregåande skule frå Noreg. Bruk eit daglegdags språk og før ein samtale med meg der du ber meg om å forklare ting relatert til [tema]. Til slutt skal du gi meg ei evaluering av svara mine."

  • Bestill døme for å forstå

    • "Du er ekspert på [fag]. Eg er byrjarelev i emnet [emne]. Lag ti døme som illustrerer omgrepet [omgrep] i [fag]. Presenter svaret i ein nøktern akademisk stil."

  • Tipp ordet

    • "Lag ei oppgåve der målet er at ein elev med norsk som andrespråk skal tippe eit ord. Du skal gi hint om ordet eleven skal tippe på. Til dømes kan ordet hen skal tippe, vere 'bil'. Då kan du komme med hint som 'Eg har fire hjul'. Dersom eleven svarer feil, må du vere vennleg og komme med nye hint. Dersom eleven til dømes svarer 'traktor' i staden for 'bil', kan du svare 'Oi, det var nære, men eg er litt mindre' eller noko liknande. Du skal gi nye hint heilt til eleven klarer rett svar. Dersom hen svarer rett, må du rose hen godt. Etterpå må du spørje 'Vil du prøve deg på eit ord til?'."

Bruk prateroboten som læringsassistent i yrkesfag

  • Gi steg-for-steg-forklaring

    • "Svar som ein lærar i [fag]. Forklar kva eg må gjere trinn for trinn for å utføre følgande arbeidsoppgåve: [oppgåve]. Bruk eit enkelt språk og snakk til meg som om du forklarer noko til ein venn."

  • Få forklart korleis ei oppgåve skal utførast

    • "Forklar meg korleis eg [oppgåve]. Snakk til meg som om eg er ti år gammal, og bruk enkle, men detaljerte steg. Presenter framgangsmåten med kulepunkt. For kvart trinn må du òg inkludere ein alternativ framgangsmåte."

  • Få forslag til idéar

    • "Kom med forslag eller idéar om …"

Kjelder

Educraft. (2023, 6. november). ChatGPT Prompts for Students to use AI ethically! [Video]. YouTube. https://www.youtube.com/watch?v=Jtb6Ztxfy9I

Grolid, S. (2023, 28. november). Bruk praterobot for å forstå og endre tekster. NDLA. https://ndla.no/article/39377

Høivik, H. (2024, 7. januar). Accordion | Bruke KI i studiene. MOOCAHUSET. https://h5p.moocahuset.no/2024/01/07/accordion-bruke-ki-i-studiene/

Hagelia, M. (Vår 2024). AI ressurs: Modul 7: Endring og utvikling. Høgskolen i Østfold. https://hiof.instructure.com/courses/8691/modules

LearnPrompt.org. (u.å.). Master a New Language with ChatGPT: Your Ultimate Language Learning Companion. Henta 30. juli 2024 frå https://www.learnprompt.org/chatgpt-prompts-for-language-learning/

Aaberge, A. (2023, 15. november). Ledetekster til prateroboter. NDLA. https://ndla.no/article/39380

Relatert innhald

Du må tenke på presist språk, rolle og tone, kontekst, format, rekkefølge og oppfølgingsspørsmål når du lagar leietekstar til praterobotar.

CC BY-SASkrive av Maria Stubhaug og Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 04.06.2024

Læringsressursar

Å lære med praterobotar