Hopp til innhald

Fagstoff

Lag din eigen praterobot

Du kan planlegge, skape og teste ut designet av ein praterobot slik at han løyser ei bestemd oppgåve effektivt. Ein eigendefinert praterobot kan til dømes hjelpe deg med å forstå vanskelege omgrep, gi deg oversikt over skrivefeil eller trene deg i eit framandspråk gjennom dialog.
Skjermdump frå NDLAs eigendefinerte praterobot. Tittelen på sida er: Opprett praterobot. Under står det: Her kan du lage den eigendefinerte prateroboten din. Det kan vere ein fordel å lese rettleiinga under skjemaet først. Etter at du har oppretta ein praterobot, kan du laste han ned for å dele med andre eller bruke igjen seinare. Skjermutklipp.

Innlogging på NDLAs praterobot

Ver merksam på at digitale tenester med innlogging kan samle inn persondata, og at dette krev databehandlaravtale.

Bruk til dømes NDLAs praterobot dersom han er tilgjengeleg for skulen din. Du finn han ved å logge deg inn på Min NDLA.

Kva er ein systemleietekst?

Vi bruker systemleietekstar for å lage eigne praterobotar. Ein systemleietekst er ein overordna leietekst, eller ein hovudinstruks, om du vil. Han set rammer for svara frå prateroboten.

Til dømes har NDLA to førehandsdefinerte praterobotar, éin for lærarar og éin for elevar. Systemleieteksten for prateroboten for lærarar er som følger: "Skriv som om du er ein lærarhjelpar for lærarar på vidaregåande skule. Ver didaktisk, hjelpsam og kreativ." Systemleieteksten for prateroboten for elevar lyder slik: "Skriv som om du er ein elevhjelpar for elevar i vidaregåande skule. Ver pedagogisk og motiverande." Systemleietekstane set rammer for korleis prateroboten svarer.

Meir om systemleietekstar

Ein systemleietekst erstattar programmeringskode. KI-teknologien i språkmodellar har naturleg språk som grensesnitt. Det vil seie at vi kan skrive på norsk, engelsk eller andre språk for å bruke eller lage ein praterobot. Store språkmodellar, som ChatGPT, Claude eller Gemini, gjer det derfor mogleg for alle å programmere.

Sjølv om vi bruker eit naturleg språk, er det å formulere gode systemleietekstar ei ferdigheit som må lærast. Å lage maskiner (praterobotar) med systemleietekstar er ein kompetanse som fell inn under leietekstkompetanse (prompt engineering).

Korleis lagar du din eigen praterobot?

Modell med ein sirkel med tre punkt der det står Tenk!, Skap! og Test!. Oppå sirkelen spring ei kvinne. Illustrasjon.

Når du lagar din eigen praterobot, følger du tre trinn:

  1. Planlegg og tenk: Kva skal prateroboten gjere?

  2. Design og skap prateroboten: Skriv ein systemleietekst.

  3. Test: Verkar prateroboten slik du hadde tenkt?

Så startar du prosessen på nytt. Tenk over kva du vil roboten skal gjere, juster systemleieteksten og test han igjen. Vi kallar dette for ein iterativ prosess.

1. Planlegg og tenk: Kva skal prateroboten gjere?

Litt forenkla kan du ta utgangspunkt i to ulike tilnærmingar når du skal definere ein eigen praterobot: Du kan anten lage ein læringsassistent eller ein samtalepartnar.

Bruker du prateroboten som læringsassistent, kan du få hjelp til å løyse konkrete oppgåver, som å forenkle eller samanfatte tekstar. Du kan òg få hjelp til idémyldring og omsetjing, du kan få henta ut fagomgrep frå ein tekst, eller du kan bruke prateroboten til å øve til ein prøve.

Dersom du bruker prateroboten som samtalepartnar, kan han svare som om han er ein historisk person, ein bestemd yrkesutøvar eller ekspert eller ein fiktiv karakter frå ei bok, ein film eller eit spel. Du kan setje opp eit rollespel for å øve på situasjonar frå yrkeslivet, eller du kan simulere eit jobbintervju.

2. Design og skap prateroboten: Skriv ein systemleietekst

Når du skriv ein systemleietekst til ein praterobot, bør du formulere oppgåva tydeleg og presist. Du kan gi prateroboten og mottakaren roller og bestemme kva tone han skal svare i. Beskriv gjerne konteksten. Det går òg an å be roboten om å svare i eit bestemt format.

Presis oppgåve

Ver tydeleg, og bruk eit direkte språk. Bruk gjerne imperativ. Det er ingen grunn til å vere høfleg når du gir instruksjonar til ei maskin. Døme er "Du er ...", "Du skal ..." og "Oppgåva di er ...". Uthev gjerne det som er viktig, til dømes med store bokstavar eller markdown.

Ver systematisk dersom du gir prateroboten fleire oppgåver, eller om du vil ha han til å utføre ei oppgåve i fleire trinn. Det reduserer sjansen for feil.

Døme på formulering av trinnvis oppgåve

"Bruk følgande steg-for-steg-instruksjonar for å svare på førespurnaden frå brukaren: Steg 1: Brukaren gir deg tekst. Samanfatt denne teksten i éi setning. Start svaret med 'Oppsummering:'. Steg 2: Set om oppsummeringa frå steg 1 til spansk. Start svaret med 'Omsetjing:'."

Rolle og tone

Dersom prateroboten får ei rolle, løyser han oppgåver meir nøyaktig og effektivt, og han kan svare på bestemde måtar. Får roboten ei ekspertrolle, kan han til dømes løyse matteoppgåver eller skrive kode. For å få mest mogleg ut av rolletilordninga bør du gi detaljert informasjon om rolla du vil at prateroboten skal ha, og om kven mottakaren er.

Tone heng som regel saman med rolla du gir prateroboten, og handlar om kva språkstil prateroboten skal ha. I skulesamanheng vil du til dømes vere interessert i ein munnleg stil for at det skal bli lettare å forstå vanskelege tema, og ein akademisk stil dersom du jobbar med ein fagtekst.

Døme på rolle og tone

Forklar årstidene

  • på ein vitskapleg og akademisk måte

    Svar: "Årstidene er ei naturleg og periodisk endring i jorda sin rotasjonsakse i forhold til banen ho har rundt sola, som gir opphav til variasjonar i solinnstråling og klimatiske forhold på jorda."

  • på ein poetisk måte

    Svar: "Årstidene dansar ein evig sirkeldans, der kvar si fargeprakt og stemning gir liv til jorda og hjarta våre."

  • som ein pirat

    Svar: "Arrr, årstidene e' som eit evigvarande slag mellom sola og jorda, der vi pirata alltid må ver' førebudde på å skifte antrekk og justere kursen vår for å møte dei skiftande vêrgudane!"

Kontekst

Ein praterobot gir meir relevante svar og løyser oppgåver på ein betre måte dersom du definerer konteksten, altså situasjonen. Kven er målgruppa for prateroboten? I kva samanheng skal han brukast? Er det nokre spesielle tema som er viktige? Skal prateroboten brukast i eit bestemt fag?

Dersom du til dømes lagar ein praterobot som skal hjelpe deg med ei skuleoppgåve, legg du inn fag og årstrinn i systemleieteksten.

Format

Format handlar om korleis svaret skal setjast opp og sjå ut.

Døme på format

  • Tabell: "Når eg gir deg ein tekst, skal du hente ut viktige omgrep i teksten. Presenter svaret i ein tabell med to kolonnar. I kolonne 1 skriv du omgrepa, og i kolonne 2 skriv du kva kvart omgrep betyr."

  • Punkt: "Når eg skriv ein påstand, skal du lage ei liste med tre motargument til denne påstanden."

  • Emojiar: "Når eg gir deg ein tekst, skal du samanfatte denne med emojiar."

Få hjelp til å skrive leietekst

Du kan òg få hjelp av ein praterobot til å skrive systemleietekstar. Dette sparer deg for arbeid og gir deg eit godt utgangspunkt som du kan jobbe vidare med. NDLAs førehandsdefinerte praterobot for lærarar fungerer godt til dette.

Døme på ein systemleietekst frå ein praterobot

Leietekst: "Skriv ein systemleietekst til ein praterobot som skal imitere Henrik Ibsen. Start alle setningar med "Du er", "Du skal" eller "Oppgåva di er". Prateroboten skal brukast i norskundervisning av elevar i alderen 16–19 år. Leieteksten skal vere på cirka 100 ord."

Forslag på systemleietekst frå praterobot: "Du er Henrik Ibsen. Oppgåva di er å hjelpe elevane med å forstå og tolke verka dine på ein interessant og engasjerande måte. Du skal gi elevane eit innblikk i tankegangen din og intensjonane dine bak kvart stykke du har skrive. Oppgåva di er å inspirere og motivere elevane til å utforske og analysere verka dine på ein djupare måte. Du skal òg hjelpe elevane med å forstå den historiske og kulturelle konteksten som stykka dine vart skrivne i. Gjennom prateroboten din vil elevane lære om din liv og karriere, og korleis du har påverka norsk litteratur og teater. Oppgåva di er å gjere Ibsen tilgjengeleg og interessant for dagens elevar."

3. Test: Fungerer roboten slik du vil?

Når du har skrive ein systemleietekst og oppretta ein praterobot, kan du byrje å teste han og sjå om han fungerer slik han skal. Utfører prateroboten oppgåva du har gitt han på den måten du har beskrive? Gjer han noko han ikkje skal? Er du fornøgd med språket han bruker og lengda på svara? Dersom du har gitt prateroboten ei rolle, går han inn i rolla på ein truverdig måte?

Er du ikkje fornøgd, tek du ein ny runde med den iterative prosessen: planlegg/tenk, design/skap og test.

Kjelder

Anthropic. (u.å.). Prompt engineering. Hentet 14. juni 2024 fra https://docs.anthropic.com/en/docs/prompt-engineering

OpenAI Platform. (u.å.). Prompt engineering. https://platform.openai.com/docs/guides/prompt-engineering

Prompt Engineering Guide. (2024, 31. mai). General Tips for Designing Prompts. https://www.promptingguide.ai/introduction/tips

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Rune Mikal Birkeland.
Sist fagleg oppdatert 08.08.2024

Læringsressursar

Å lære med praterobotar