Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforsk og diskuter leietekstar

For å få mest mogleg ut av ein praterobot må vi vite korleis leietekstar fungerer som kommandoar. I denne oppgåva vel du leietekstar for å utforske og diskutere.
Ein person står framfor ei enorm maskin som matar ut papir med tekst på. Illustrasjon.

Innlogging på NDLAs praterobot

Ver merksam på at digitale tenester med innlogging kan samle inn persondata, og at dette krev databehandlaravtale.

Bruk til dømes NDLAs praterobot dersom han er tilgjengeleg for skulen din. Du finn han ved å logge deg inn på Min NDLA.

Til læraren

Øvingane kan følgast trinnvis for å gradvis få ei betre forståing for korleis leietekstar kan brukast frå eit enkelt spørsmål til ein meir kompleks instruks.

Øvingane kan òg brukast som ein guide til fordjuping i eit lærestoff, frå overflatekunnskap og omgrepsinnlæring til å arbeide vidare med lærestoff og djupnekunnskap.

A. Utforsk bruk av leietekstar

Øvingane under er laga for at du skal lære å bruke praterobotar. Du øver deg på heilt enkle spørsmål og får etter kvart utforske meir samansette oppgåver. Slik vil du kunne bruke praterobotar til å fordjupe deg i eit fagleg tema når du treng det.

  • Bruk døma på leietekstar som ein mal og tilpass til faget ditt og behova dine.

  • Opprett eit dokument der du samlar leietekstane du testar ut, for å diskutere og dele i par og i klassen etterpå.

Øvingar

1. Enkel instruksjon

Målet er at du skal lære å lage ein grunnleggande leietekst med enkle instruksar.

Spør prateroboten om det du lurer på, og gi han ei oppgåve som du vil han skal løyse. Start med ei klar og enkel setning, til dømes: "Gi meg tre omgrep som eg må kunne bruke for å forstå maktfordelingsprinsippet."

Prøv sjølv ved å bruke denne leietekstmalen:

"Gi meg [tal] omgrep som er relevante for å forklare temaet [set inn tema]."

2. Gi prateroboten ei rolle og ei spesifikk oppgåve

Målet er at du skal forstå korleis du kan tildele språkmodellen, altså prateroboten, ei spesifikk rolle.

Definer rolla tydeleg i leieteksten og beskriv oppgåva prateroboten skal utføre, til dømes: "Du er ein samfunnskunnskapslærar på vidaregåande skule. Forklar dei viktigaste punkta i norsk politikk."

Prøv sjølv ved å bruke denne leietekstmalen:

"Du er ein [rolle]. Forklar dei viktigaste punkta i [set inn tema]."

3. Øv deg på lengre leietekstar – gi fleire detaljar

Målet er at du skal lære å lage lengre leietekstar.

Skriv ein leietekst som inkluderer fleire detaljar, og spesifiser kva element som skal vere med i svaret, til dømes: "Du er ein dommarfullmektig. Forklar meg kva oppgåver du har, og inkluder døme som viser rolla di i maktfordelingsprinsippet."

Prøv sjølv ved å bruke denne leietekstmalen:

"Du er ein [rolle]. Eg vil at du skal [set inn oppgåve]. Forklar [konsept] og bruk døme i forklaringa."

4. Snevre inn til spesifikke oppgåver

Målet er at du skal lære å lage leietekstar som snevrar inn til meir spesifikke oppgåver.

Gi ei spesifikk oppgåve med klare kriterium og be språkmodellen forklare prosessen eller trinna, til dømes: "Du er ein samfunnsvitar. Hjelp meg med å forstå fordelar og ulemper ved maktfordelingsprinsippet. Presenter svara i ein tabell med døme, både fordelar og ulemper. Inkluder nokre kritiske refleksjonsspørsmål."

Prøv sjølv ved å bruke denne leietekstmalen:

"Du er ein [rolle]. Hjelp meg med [set inn førespurnad /tematisk avgrensing]. Presenter svara i [ønskt format]. Inkluder [fleire førespurnader]."

5. Sett saman ein komplett leietekst

Målet er at du skal kombinere alle ferdigheitene dine for å lage ein komplett og detaljert leietekst.

Kombiner fleire element i oppgåva, gi klare og detaljerte instruksar for kvart element og gi prateroboten ei meir omfattande oppgåve, til dømes: "Du er ein samfunnsvitar som skal hjelpe meg med å lage ein disposisjon for ein samfunnsfagleg artikkel om maktfordelinga i Noreg. Inkluder ein introduksjon og forslag til argument og motargument eg kan fordjupe meg i. Sørg for at disposisjonen er strukturert med overskrifter og underoverskrifter. Inkluder døme frå verkelegheita."

Prøv sjølv ved å bruke denne leietekstmalen:

"Du er ein [rolle] som skal hjelpe meg med å lage ein disposisjon for ein [type tekst] om [tema/problemstilling]. Inkluder ein introduksjon og forslag til argument og motargument eg kan fordjupe meg i. Sørg for at disposisjonen er [set inn ønske for struktur/oppsett]. Inkluder døme frå verkelegheita."

B. Presenter ein leietekst

Jobb i par. Vel og presenter kvar dykkar leietekst som de formulerte og testa ut.

  • Kva svar fekk dykk?

  • Kva synest de om svara?

  • Kva justeringar gjorde de?

  • I kva samanhengar tenker de at de kan bruke leieteksten seinare?

C. Del erfaringar med klassen

Del i klassen. Kva erfaringar har de gjort dykk? Opprett gjerne eit delingsdokument der de skriv inn kvar dykkar leietekst de testa ut, og ein kommentar om korleis han fungerte.

Relatert innhald

Du må tenke på presist språk, rolle og tone, kontekst, format, rekkefølge og oppfølgingsspørsmål når du lagar leietekstar til praterobotar.

CC BY-SASkrive av Maria Stubhaug.
Sist fagleg oppdatert 07.05.2024

Læringsressursar

Å lære med praterobotar