Hopp til innhald

Fagstoff

1940–1945: Komediar og lette underhaldningsfilmar

Under krigen blei det laga enkle komediar og kriminalfilmar. Desse sjangrane var politisk uproblematiske og stemte overeins med Goebbels idéar om at film skulle vere underhaldning.

En herre med bart (1942)

Propagandafilm

Den norske politiske filmen var så å seie død i desse fem åra. Dette trass i at det NS-initierte Statens filmdirektorat, leia av Leif Sinding, kontrollerte både manuskripta, produksjonen og distribusjonen. Regissøren Walter Fyrst var ein einsam pådrivar for propagandafilmen. Han produserte nokre dokumentarfilmar, ei mengd korte vekerevyar og spelefilmen Unge Viljer (1942) innanfor denne kategorien.

Juster, Aabel og Foss

Nokre av dei beste farsane i norsk film såg dagens lys i dei første åra av okkupasjonstida, som Hansen og Hansen (1941), Den forsvundne pølsemaker (1941), En herre med bart (1942) og Det æ’kke te å tru (1942). Salong- og sosietetskomediar gjorde Leif Juster, Per Aabel og Wenche Foss til evige namn på den norske stjernehimmelen.

Under okkupasjonsåra fekk norske myndigheiter auga opp for filmen som «ein veldig samfunnsfaktor» takka vere amerikansk, britisk og fransk dokumentarfilm i denne tida. Dette la ein del av grunnlaget for nasjonsbygginga i etterkrigstida.

Relatert innhald

CC BY-NC-NDSkrive av Norsk filminstitutt og Jan Erik Holst. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 27.08.2020

Læringsressursar

Læringsstiar