Hopp til innhald
Filmplakat frå filmen Kongens nei.
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Arbeidsoppdrag

Kva er Kongens nei?

Den norske spelefilmen Kongens nei fortel historia til den norske kongefamilien dei dramatiske aprildagane då Tyskland invaderte Noreg i 1940.

Kongens nei, trailer (2016). Kinopremiere 23.09.2016.

Då krigen kom til Noreg, vart den norske kongen stilt overfor eit vanskeleg val. Dersom kongefamilien ville overleve, måtte dei overgi seg til tyskarane. Filmen vart vald ut som norsk Oscar-kandidat i kategorien beste ikkje-engelskspråklege film i september 2016.

Førearbeid

Før du byrjar å jobbe med fagstoff og oppgåver til Kongens nei, er desse spørsmåla fine å starte med. Diskuter gjerne med sidemannen, eller saman i klassen.

  1. Sjå først traileren til filmen Kongens nei.

  2. Veit du kva slags historisk hending filmtittelen viser til?

  3. Kjenner du til nokre andre norske okkupasjonsdrama?

Sist oppdatert 21.06.2019
Skrive av Tina Andersson
Rettshavar: Norgesfilm AS

Læringsressursar

Læringsstiar

Læringssti

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar

Kjeldemateriale