Hopp til innhald
Star Wars
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Arbeidsoppdrag

Teikn eit storyboard til ein reklamefilm

I denne oppgåva skal du utarbeide eit storyboard til ein reklamefilm. Reklamefilmen skal vise til ei scene eller karakter i ein tv-serie eller film du har sett og kjenner godt.

Star Wars

Filmreferansar i reklamefilmar

Det finst mange reklamefilmar som har gjort det før: brukt kjende figurar eller scener frå filmar som til dømes Star Wars (bildet) eller Ringenes Herre.

Dersom du treng litt inspirasjon, kan du sjå på desse videoane før du byrjar:

Oppgåve: Teikn eit storyboard til ein reklamefilm med varigheit på 30 sekund

Førebuing:

  • Reklamen skal vere for ein mobiltelefon, eit brusmerke, eit par joggesko eller eit klesmerke.
  • Bruk referansar frå ein film eller tv-serie du kjenner godt.
  • Sjå filmen eller ein utvald episode av tv-serien du ønsker å ta utgangspunkt i.
  • Noter undervegs.

Teikn storyboard:

Drøft:

  • Korleis kjem uttrykket du har teke i bruk frå din valde film/tv-serie fram i reklamefilmen du har planlagt?
  • Kva effekt trur du ein slik reklamefilm vil kunne ha i møte med publikum?
  • Vil det vere ein fordel om publikum kjenner att filmen eller tv-serien du viser til, eller trur du ikkje dette har noko å seie for kor godt filmen vil fungere?
Sist oppdatert 21.11.2018
Skrive av Tina Andersson Jensen
Rettshavar: Norgesfilm AS

Læringsressursar

Læringsstiar

Læringssti

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar

Kjeldemateriale