Hopp til innhald

Fagstoff

Reality-TV

Reality-konsept blandar element frå fiksjon og fakta. Denne TV-sjangeren byggjer på ei konstruert verkelegheit. Eit typisk trekk ved reality-sjangeren er at det er vanlege menneske som spelar hovudrollene. Eit anna sentralt trekk er at deltakarane spelar seg sjølve og er meint å vere autentiske.
Deltakerne i Farmen Kjendis står oppstilt foran gården. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forteljeteknikk

Reality-TV[1] har røter attende til dokumentarfilm og ei «fluge-på-veggen»-filming der kamera er meint å dokumentere det som skjer i verkelegheita. Ein forløpar for reality-TV var serien An American Family som vart produsert i USA frå 1971 til 1973. Serien portretterte ein amerikansk familie ved å filme dei i dagleglivet deira, inkludert alle konfliktar, skandalar og hendingar som oppstod. Filmskaparane ønskte å vise fram skjulte sider ved det amerikanske samfunnet og å bidra til debatt om tabu og sosiale dilemma i USA.

Frå tidleg på 1990-talet kom format som i større grad var produserte med tanke på underhaldningsverdi og mindre som ein samfunnskommentar. Blant dei mest kjende er amerikanske The Real World (MTV, frå 1992). Formatet filma ein gjeng ungdommar som ikkje kjende kvarandre frå før, mens dei budde saman i ei leilegheit. Føremålet var å filme situasjonar og å følgje utviklinga i relasjonane mellom ungdommane.

NRK laga i 1994 ein liknande reality-serie kalla Åtte & 1/2. I tillegg til dokumentariske element har reality-TV innslag av drama eller såpeopera; altså at konfliktar mellom personar blir følgde over tid, at kjensler blir uttrykt ope og gjerne dramatisk, og at deltakarane er valde ut med tanke på å skape dynamikk og at dei skal fungere i bestemte roller i høve til kvarandre.

Billeg å produsere

Reality-TV vart ein trend i TV-bransjen frå hundreårsskiftet og tidleg 2000-tal. Sjangeren vart relativt raskt utbreidd og populær over store delar av verda. Ei årsak til populariteten er at formata er relativt billege å produsere samanlikna med dramaproduksjonar. Ei anna årsak er at formata er laga som ei oppskrift eller ein formel som er enkel å overføre frå eit land til eit anna.

Dei fleste reality-seriar byggjer på konsept som blir selde på den internasjonale TV-marknaden, og er bundne til eit format som blir eigd av eit produksjonsselskap. Globalt var det særleg to format som skapte reality-TV-trenden: Big Brother (Nederland 1999, norsk versjon på TV Norge frå 2001), Robinsonekspedisjonen (Sverige 1997, norsk versjon på TV3 frå 1999). Typisk for desse to formata er at dei har opphavsland utanfor USA, som har dominert produksjonen av TV-format internasjonalt. At små land som Sverige og Nederland utvikla format som vart selde globalt, var ei stor endring samanlikna med etablerte mønster for eksport av TV. Av norske format er det særleg 71 grader nord (1999) og Farmen (2001) som har vorte selde på den internasjonale marknaden.

Reality-TV har i ettertid utvikla seg i ulike retningar og inneheld ei rekkje undersjangrar:

  • Dokusåpe, for eksempel Charterliv
  • Talentshow-reality, for eksempel Idol
  • Gameshow-reality, for eksempel 71 grader Nord
  • Kjendis-reality, for eksempel Farmen Kjendis og Skal vi danse
  • Sosialt-eksperiment-reality, for eksempel Paradise Hotel

Til refleksjon: Kva er likt, og kva er ulikt, mellom ein TV-serie og eit reality-konsept?

CC BY-SASkrive av Gunn Enli. Rettshavar: Store norske leksikon
Sist fagleg oppdatert 12.06.2017

Læringsressursar

Læringsstiar