Hopp til innhald
Fagartikkel

1930–1940: Gullalder og politisk film

1930-talet var ei hendingsrik tid i den norske filmhistoria. Partipolitikken stod sterkt, og vi fekk Noregs første lydfilm – Den store barnedåpen. Studioselskapet Norsk Film A/S blir grunnlagd.

Norsk Film A/S

Norske kinodrivande kommunar innsåg etter kvart at dei hadde hovudansvar for norsk film. Allereie i stumfilmtida tok dei ansvar for norsk filmproduksjon og produserte fleire filmar gjennom distribusjonsselskapet Kommunernes Filmscentral A/S. I 1932 grunnla dei studioselskapet Norsk Film A/S.

Tancred Ibsen

Tancred Ibsen hadde erfaring frå Hollywood og frå svenske studioselskap og blei etter kvart det store namnet i norsk film. Han regisserte den første norske lydfilmen, Den store barnedåpen, som kom i 1931. Seinare kom dei populære filmane Fant (1937), Gjest Baardsen (1939) og Tørres Snørtevold (1940), alle med legendariske og populære Alfred Maurstad i hovudrollene. Desse filmane utgjer fundamentet for det som seinare skulle bli kalla «Gullalderen i norsk film». Filmane hadde røter i norsk forteljetradisjon og historier og trefte publikum heime.

Politiske filmar

1930-talet var også ei tid for partipolitikk. Både Høgre og Arbeidarpartiet produserte valfilmar. Olav Dalgard laga fleire såkalla arbeidarfilmar: Korte dramatiske filmar med amatørskodespelarar blei ofte brukte i politisk arbeid. Den sosialt indignerte filmen var et særtrekk på 1930-talet, både i Europa og i USA. Dette var ein slags forløpar for italiensk neorealisme på 1950-talet og britisk og skandinavisk sosialrealisme på 1970-talet. I Noreg produserte og regisserte Leif Sinding De værgeløse (1939) som var ein film i denne sjangeren, basert på Gabriel Scotts roman.