Hopp til innhald
Ein kvinneleg skodespelar opptrer for ei gruppe menn med filmkamera. Foto.
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Klassisk film

Den klassiske filmen blei i hovudsak utvikla i Hollywood. Filmane fortel ei historie der hovudpersonane blir vikla inn i ein eller fleire intrigar. Filmane er bygde opp etter eit fast mønster (dramaturgi), og det går ofte godt til slutt.

Ein regissør med dress, stråhatt og ropert sit på ein klappstol og snakkar til ei dame kledd i solhatt og sommarlege klede. I bakgrunnen står ein mann med eit stort kamera, to andre held opp ein reflektorskjerm, og andre settarbeidarar står omkring. Svart-kvitt-foto.

D.W. Griffith instruerer Carol Dempster i filmen "That Royal Girl" (1925).

Forteljande film

Det som ofte blir kalla den klassiske, forteljande filmen, er i særleg grad knytt til den amerikanske filmen, slik han blei utvikla i Hollywood i perioden frå rundt 1910 fram til slutten av andre verdskrigen. Den klassiske filmen etablerte eit sett med normer for kva som blir oppfatta som naturleg når vi ser fiksjonsforteljingar på film.

I The Great Train Robbery (1903) brukte amerikanaren Edwin S. Porter mange av dei verkemidla som vi kjenner frå moderne filmar: Scenevekslingar, kamera i rørsle og medviten bruk av kameravinklar. Porter brukte òg ein klippeteknikk som var med på å understreke den forteljinga han ville formidle.

Nye filmatiske verkemiddel

Den klassiske, forteljande filmen blir likevel knytt særleg til filmane The Birth of a Nation (1915) og Intolerance (1916) av David W. Griffith. Griffiths filmar fekk mykje å seie for den vidare utviklinga av filmkunsten, og han blir av mange rekna som far til den klassiske filmen. Griffith eksperimenterte med dei filmatiske verkemidla og utvikla montasjen gjennom å kryssklippe mellom parallelle hendingar.

Romanane til Charles Dickens skal ha vore ei stor inpirasjonskjelde for mellom anna Griffith. Romanane hans var nemleg bygde opp rundt intrigar, gjerne med ein helt og ei heltinne, ein dose erotikk og ein «happy ending», element vi kjenner att frå dei aller fleste spelefilmar.

Fast dramaturgi

Eit trekk som går att i alle dei klassiske filmane, er at handlinga er årsaksbestemt. Forteljinga introduserer publikum for nokre spørsmål eller problemstillingar, der vegen mot løysinga er det som driv filmen framover. Framdrifta i forteljinga følgjer som oftast eit fast mønster, den såkalla Hollywood-modellen.

Ei spenningskurve er visualisert i ein graf der X-aksen viser tid, og Y-aksen viser spenning. Spenninga stig jamt frå anslag til presentasjon, gjer eit byks i opptrappinga, er jamn i vendepunktet og bykser igjen opp til klimaks, før ho daler jamt i konfliktløysinga og flatar ut mot null i avslutninga. Illustrasjon.

Hollywood-modellen er ein klassisk dramaturgimodell med ein start, midtdel og slutt.

I denne tidsperioden blei òg hovudsjangrane innan film definerte, samstundes som fenomenet filmstjerner oppstod. Dei mest kjende skodespelarane spelte gjerne dei same rolletypane i ulike filmar. Dette førte til at handlinga tok kjende løp, noko publikum sette pris på. Sjangeren til ein film var, og er, ein slags kontrakt med publikum om å gi dei det produktet dei forventar. Dei ulike sjangrane appellerte til ulike publikumsgrupper og var ein effektiv måte å dele inn marknaden på.

Norsk klassisk film

Ein av de eldste norske fiksjonsfilmane er Under forvandlingens lov frå 1911. Filmen er et sjalusidrama der Camillo og Francisca oppdagar at ektefellene deira har eit forhold til kvarandre.

Sist oppdatert 16.06.2017
Skrive av Jon Hoem
Rettshavar: Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen

Læringsressursar

Læringsstiar

Læringssti

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar

Kjeldemateriale