Arbeidsoppdrag
Klassen sine serievanar
Kva TV-seriar ser de på, og kva kjenneteiknar dei ulike seriane? I denne oppgåva skal de kartleggje klassen sine TV-serievanar.
Klassen sine serievanar
a) Lag ei undersøking i klassen for å få oversikt over kva TV-seriar som er mest populære.
Bruk gjerne denne Kahooten som hjelpemiddel til å kartleggje klassen sine serievanar:
b) Sjå nærmare på den serien som er mest populær i klassen:
- Kva er det som kjenneteiknar serien sin forteljeteknikk?
- Kva verkemiddel blir brukte?
- Kva sjanger er serien?
- Består serien av fleire sesongar?
- Forsøk å finne ut av om filmskaparane marknadsfører nye sesongar eller episodar med trailerar og teaserar. Kvar blir desse «reklamane» publiserte?