Hopp til innhald

Spelefilm

En herre med bart

Komisk lystspel frå 1942. Det er den norske filmdivaen Wenche Foss som tolkar rolla som Cecilie.

Om filmen

Advokat Ole Grong er gift med Cecilie. Cecilie er ute og festar omtrent kvar kveld, mens Grong sit heime og trøstar seg med ein god sigar og yndlingshunden Trine. Hovudrollene blir spela av dei folkekjære norske skodespelarane Per Aabel og Wenche Foss.

Då filmen kom ut i 1942, herja andre verdskrig, og Noreg var okkupert av Tyskland. Filmen handla ikkje om krig eller politikk, men var både munter og komisk. På denne måten bidrog filmen til å gi norske kinogjengarar noko å le av, i ei elles alvorleg tid.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 27.08.2020

Læringsressursar

Filmhistorie