Hopp til innhald

Råvare, produksjon og kvalitet (RM-RMF vg1)

Råvarer, tillaging og produksjon

Å foredle råvarene på ein god måte er viktig både for å framheve smaken, auke haldbarheita og jobbe på ein berekraftig god måte. Best mogleg tillaging og produksjon i alle ledd er viktig for god økonomi i bedrifta du skal jobbe i.

Frukt og bær

Frukt og bær blir ofte etne som mellommåltid, eller som dessert. Dei har mange bruksområde og kan smake søtt, surt eller bittert. Dei er fulle av vitamin og antioksidantar.

Tillaging av frukt og bær

Frukt og bær kan lagast til på mange ulike måtar.
Dei kan nytast naturelle eller nyttast til safting, sylting, og gelé. Frukt og bær kan nyttast som fyll i kaker og bakverk og som pynt på kaker og dessertar. Suppe eller kompott er òg mykje nytta.

Læringsressursar

Tillaging av frukt og bær