Hopp til innhald
Fagartikkel

Frukt

Frukt er ein viktig del av kosthaldet, og inntaket aukar i tråd med tilrådingane. Men ho må oppbevarast rett og handsamast forsiktig om ho skal halde seg godt.


Inntaket av frukt aukar i befolkninga

Vi et meir frukt enn grønsaker i Noreg, og tala syner at engrosforbruket har auka. I 1999 var forbruket på ca. 61 kg frukt og bær per person, mens forbruket i dag er på 72 kg. I den nasjonale kosthaldsundersøkinga Norkost 2010–11 var inntaket av grønsaker, frukt og bær omtrent 360 gram per dag blant menn og omtrent 390 gram per dag blant kvinner. Prosentdelen som oppfylte tilrådinga om å ete minst 500 gram grønsaker, frukt og bær om dagen, var 22 blant mennene og 25 blant kvinnene.

Gjennom auka kunnskap vil de vonleg ønske å kjøpe og prøve dei ulike fruktene.

Freistande frukt

Frukt et vi vanlegvis rå. Det einaste førearbeidet som trengst, er å skylje frukta i kaldt vatn før vi et ho. At frukt smaker godt, er det stor semje om. Men du kan sjølv påverke kor godt frukta smaker. Dette har med temperatur å gjere: Smak og aroma kjem best fram dersom frukta er romtemperert. Iskald frukt verkar ofte syrlegare enn ho er.

Ver varsam!

All frukt er levande produkt sjølv etter at dei er hausta, og må behandlast forsiktig og ikkje utsetjast for støyt eller frost.

Tropiske frukter og melonar skal ikkje liggje i kjøleskapet. Dei frys og mister smak og aroma sjølv ved få plussgradar, og dei blir ikkje betre på smak sjølv om dei blir varme igjen. Banan er den frukta som toler minst før han blir grå og dårleg. Han får kuldeskadar ved 10 ºC og må ikkje lagrast under 14 ºC.

CC BY-SA 4.0Skrive av Ketil Lyngvær, Bama, Helsedirektoratet og Unni Kulhuset Granheim. Rettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020