Hopp til innhald

Fagstoff

Juicing

Eitt glas jus (fruktjus eller grønsaksjus) kan inngå som ein av dei fem anbefalte porsjonane med frukt, bær eller grønsaker kvar dag.
Eit glas med gulrotjuice, brokkoli og frukt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er juicing?

Juice. Foto.

Jucing vil seie at ein tek ymse frukt og grønsaker i ei jusmaskin eller ein sentrifuge, og pressar slik at ein står att med råsafta frå frukta eller grønsakene. Jus kan lagast av nesten alle typar frukt og grønsaker. Dei fleste kan puttast i maskina med skalet på, hugs difor å vaske all frukt og grønsaker først. Kutt opp i passande bitar og køyr gjennom maskina. Jusen kan ein lage av ei einskild frukt eller grønsak, eller ein kan bruke ei blanding. Det finst mange gode oppskrifter på blanda jusar av ulike slag. Berre fantasien set grenser for kva for kombinasjonar ein kan prøve ut. Urter, frø, nøtter og bær kan tilsetjast for meir variasjon.

Ulike typar jus

Det finst mange ulike typar jus på marknaden, og med mange ulike namn og nemningar.

Glas med appelsinjuice. Foto.
Juicepresse som lagar gulrotjuice. Foto.
  • Juice eller jus er rein råsaft pressa frå frukt eller grønsaker. Dersom jusen er laga av berre éin type frukt eller grønsak, skal ein kalle han ved namnet på sorten og endinga -juice eller -jus, for eksempel appelsinjus eller eplejus.
  • Most er berre eit anna namn for jus, og det er i utgangspunktet ikkje nokon skilnad mellom ein jus og ein most. Most blir ofte brukt om den råsafta ein får frå eple, pærer, druer og bær som kan brukast til vinproduksjon.
  • Nektar blir laga av mindre mengder jus som ein blandar ut med vatn og tilset sukker, altså ei slags ferdigblanda fruktsaft.
  • Cloudy juice er ein jus som ikkje er blitt filtrert, og som gir ein litt fyldigare og mildare smak.
  • Friskpressa jus vil seie at ein plukkar og pressar jusen på opphavsstaden, og at ingenting er fjerna eller tilsett.
  • Jus frå konsentrat vil seie at ein pressar frukta og fjernar vatnet. Den konsentrerte jusen blir så transportert, før vatnet som blei fjerna, blir tilsett att, og jusen blir tappa på kartong. Denne jusen er ofte billegare enn annan jus fordi vatnet som blir fjerna, gjer at jusen tek mindre plass under frakt.

Næringsstoff i jus

Når ein juicar frukt eller grønsaker, kastar ein ofte fruktkjøtet og dermed vil nokre av næringsstoffa gå tapt. Jus inneheld mindre fiber enn heil frukt og grønt og gir ikkje den same mettheitskjensla. Av omsyn til energibalanse og risiko for overvekt anbefaler ein generelt sett å velje frukt framfor fruktjus. Grønsaksjusar inneheld ofte mindre kaloriar enn fruktjusar. Jus er syrlegare enn heil frukt, og bør ikkje drikkast for ofte med tanke på tannhelsa. Ein bør i hovudsak ete heil frukt og grønsaker, men eit glas jus som variasjon kan vere fint for å få i seg den anbefalte dosen av fem om dagen.

Her kan du sjå korleis ein lagar jus:

Her kan du sjå korleis ein gjer rein ei juspresse:

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020

Læringsressursar

Tillaging av frukt og bær