Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Arbeid som BPA

Det er viktig at du som BPA har respekt for mennesket du jobber for, og at du kan legge til rette for å bedre livskvaliteten til vedkommende.

assistent hjelper bruker på kjøkenet.foto.

Brukaren har ofte behov for ADL-trening. Dette inneber blant anna husarbeid, hygienetiltak, matlaging, arbeid og kommunikasjon med andre menneske. Menneska som du er BPA for, har ulike behov og forskjellige interesser og ønske for livet sitt. Du må derfor bruke god tid på å bli kjend med kvar enkelt.

Som BPA må du vere fleksibel med omsyn til arbeidsmåtar og tolmodig i ulike situasjonar. Du må forstå kvifor dei du arbeider for, treng deg, og du må vere der som ein assistent, ikkje som ein venn.

Du må ha god sosial kompetanse og gode evner til empati. Du må vere budd på at brukaren opnar seg for deg, og du må prøve å forstå kvifor ho eller han gjer det. Ein del menneske med BPA er ofte åleine, og du blir raskt ein viktig del av det sosiale nettverket til personen du er BPA for.

Ein BPA er ikkje det same som ein støttekontakt. Ein støttekontakt fungerer meir som ein betalt venn, og han har ikkje same ansvaret som ein som arbeider som BPA.

Sist oppdatert 31.01.2019
Skrive av Wenche Bankhaug Michelsen

Læringsressursar

Den profesjonelle barne- og ungdomsarbeidaren

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?

Læringssti

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar

Vurderingsressurs