Hopp til innhald

Fagstoff

Hyllest til barne- og ungdomsarbeidarar

Barne- og ungdomsarbeidaren har ei sentral rolle i livet til dei fleste barn i Noreg. Vi møter dei på alle trinn i oppveksten, frå dei byrjar i barnehagen som eittåringar og heilt fram til dei står på terskelen til vaksenlivet.

Barne- og ungdomsarbeidaren er forsvarar, trøystar, leikekamerat, ven, lærar og rollemodell.

Ein viktig person gjennom heile oppveksten! Faget er eit av dei mest ansvarsfulle og meiningsfylte yrka du kan velje. Eit yrke der du tyder noko og kan gjere ein skilnad.

I denne filmen fortel fem barne- og ungdomsarbeidarar kva dei brenn for i jobben sin, kvifor dei valde yrket og kva det tyder for dei.

CC BY-NC-SARettshavar: Terranova Media
Sist fagleg oppdatert 26.03.2018

Læringsressursar

Den profesjonelle barne- og ungdomsarbeidaren