Hopp til innhald

Fagstoff

Det er tid for å hvile litt

Wenche fortel om korleis dei praktiserer soving på småbarnsavdelinga der ho arbeider.
Jente sitter på armen til en voksen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei fleste barna på småbarnsavdelinga må sove litt midt på dagen. Barn treng mykje søvn, og alle har kvar si vogn. Dersom nokre av barna søv inne, har dei si eiga seng i barnehagen.

Ein vaksen trillar vognene ut av vognbua og vi andre kler på barna. Vi må kle på barna slik at det verken blir for kaldt eller for varmt. Dette er veldig avhenging av kroppstemperaturen til barnet, årstid, vêr og kor vindstille det er der vogna står.

Enkelte barn er urolege i vogna si og treng selar for å kunne slappe av og sove godt. Vognene er godt dekte til med myggnetting slik at ikkje dyr og insekt skal sleppe til. Når det regnar bruker vi regntrekk og ved sterk sol kan også eit forheng brukast slik at det skal bli godt for barnet å sove.

Vi har ei tavle der vi skriv når barna søv, kor lenge kvart enkelt barn skal sove, og når dei vaknar igjen. Dette er dokumentasjon, og på denne måten er det enkelt for foreldra å sjå soverytmen til barnet sitt.

Det er vanleg at barna ønskjer å ha med seg smukk, koseklut og bamsar når dei søv. Dette gir tryggleik, og barna slappar godt av i situasjonen.

CC BY-SASkrive av Wenche Bankhaug Michelsen.
Sist fagleg oppdatert 13.04.2018

Læringsressursar

Den profesjonelle barne- og ungdomsarbeidaren