Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Uteleik i barnehagen

Wenche fortel om uteleiken i den barnehagen der ho var lærling.

Lekeplass med barnevogn. Foto.

Uteområdet i barnehagen er inngjerda og vi har stor plass å røre på oss med skog, seglebanar, klatrestativ, disser, sandkassar, sykkelveg, lavvo og masse moro som fremmar læring og glede hos barn saman med vaksne.

Om ettermiddagen er heile barnehagen ute. Då er også barn på 3-6 år ute saman med dei minste. Barn i alderen 0-3 år leiker ofte parallell-leik. Det vil seie at dei leiker den same leiken ved sidan av kvarandre, men dei leiker ikkje saman. Sykling, klatring, gøymeleikar, leik med vatn, byggje sandslott og diverse leikar der dei kan forstå kvarandre utan å vere avhengige av kvarandre i leiken er vanleg i denne aldersgruppa.

”Mor, far og barn”, ”Indianer og Cowboy” og ”Det kjem nokon og tek meg” er leikar som ofte kjem igjen når dei byrjar å leike saman. Dette er god trening for barna, og den vaksne må gjerne melde seg inn i all slags leik.

Som barne- og ungdomsarbeidar er du ein rollemodell for barn i alle aldrar. Ved at du er med og leiker saman med barna, legg til rette for god kommunikasjon og gir ros til barna i forskjellige situasjonar er du en viktig ressurs for læringa, meistringskjensla, kreativiteten, utviklingsprosessen, motorikken, den sosiale kompetansen, samarbeidet og samspelet barnet har med andre i tallause samanhengar. Barn treng vaksne for tryggleik, vern, trøst, leik, læring og mykje, mykje meir - heile tida, og kanskje spesielt i uteleik der det kan vere større utfordringar for barnet i forhold til leik inne.

Sist oppdatert 13.04.2018
Skrive av Wenche Bankhaug Michelsen

Læringsressursar

Den profesjonelle barne- og ungdomsarbeidaren

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?

Læringssti

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar

Vurderingsressurs