Hopp til innhald
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåve

Nora er brukarstyrt personleg assistent

I tillegg til å jobbe i SFO arbeider Nora som brukarstyrt personleg assistent nokre timar kvar veke. Denne veka har kommunen samla alle som jobbar som brukarstyrte assistentar, til eit lite møte.

Jente som sover. Foto.

Tema for møtet er «Korleis tek vi vare på brukarmedverknaden og verdigheita til dei vi jobbar for?»

Diskuter følgande problemstilling:

Du er brukarstyrt personleg assistent for Ida. Ida vil helst vere heime og sjå tv. Ho har få venner og rører seg lite. Du synest ho bør ete sunnare og vere meir ute. Kva gjer du i ein slik situasjon?

Finn ut korleis ordninga med brukarstyrt personleg assistanse fungerer i kommunen eller bydelen din. Intervju ein som nyttar ordninga med å ha ein brukarstyrt personleg assistent.

Sist oppdatert 09.10.2018
Skrive av Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid

Læringsressursar

Den profesjonelle barne- og ungdomsarbeidaren

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?

Læringssti

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar

Vurderingsressurs