Hopp til innhald
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgåve

Intervju om profesjonalitet

Oppgåver til filmen «Barneombudet – om profesjonalitet»

  1. Kvifor treng vi profesjonelle barne- og ungdomsarbeidarar?
  2. Korleis handlar ein profesjonell barne- og ungdomsarbeidar?
  3. Kva meiner vi med å sjå heile barnet?
  4. Kva er meint med at barne- og ungdomsarbeidaren ser heile hjelpeapparatet?

Oppgåver til filmen «Førskolelæreren – om profesjonalitet»

  1. Korleis skal du behandle barna i barnehagen?
  2. Kva for eigenskapar bør vaksne som jobbar i barnehagen, ha?
  3. Kva har den teoretiske kunnskapen din å seie for rolla di i barnehagen?
  4. Gi døme på ting du kan gjere saman med barn.
  5. Korleis viser du barn omsorg?
  6. Korleis viser du barn respekt?
  7. Korleis vil du påverke kvardagen til barna?

Oppgåver til «Læreren – om profesjonalitet»

  1. Kva gjer ein profesjonell lærar og barne- og ungdomsarbeidar?
  2. Korleis samarbeider denne læraren med barne- og
  3. ungdomsarbeidaren ?
  4. Korleis kan vi opptre slik at elevar føler seg trygge?
  5. Kva er meint med klasseleiing?
  6. Korleis kan du vite når du skal sende ei uro vidare til andre?
  7. Kvifor er det viktig å sende nokon problem vidare til andre med ein annan kompetanse enn du sjølv har?

Oppgaver om profesjonalitet

  1. Kva tyder følgjande påstand: «Alle kompetansemåla i læreplanen til barne- og ungdomsarbeidaren handlar om profesjonalitet.»
  2. Kva vil «profesjonell» seie?
  3. Kva for krav stiller du til ein profesjonell yrkesutøvar i barnehage, skule, SFO og fritidsklubb?
  4. Kva kan du gjere dersom du er usikker på korleis du skal opptre profesjonelt i ein gitt situasjon?
  5. Korleis jobbar du profesjonelt?
  6. Kvifor er det viktig å jobbe profesjonelt?
Sist oppdatert 30.05.2018
Skrive av Gro Nedberg Grønlid og Guri Bente Hårberg

Læringsressursar

Den profesjonelle barne- og ungdomsarbeidaren

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?

Læringssti

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar

Vurderingsressurs