Hopp til innhald

Fagstoff

Dei ulike vaktene i barnehagen

Ulike barnehagar organiserer dagen på ulike måtar. Dette eksemplet viser korleis dagen var organisert i den barnehagen der Wenche var utplassert.
Klokke med hjerte. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei ulike vaktane var spreidd ut over dei ulike avdelingane, og det kunne vere fleire som gjekk den same vakta. Ut over dei vaktene du ser her, kunne leiaren avgjere at vi skulle gå andre tider eller ha andre oppgåver når det var nødvendig.

Alle vakter har også eit medansvar og oppgåver utanfor dette, for eksempelå ta seg av samlingsstund, lage måltider, leggje til rette for god leik, bake saman med barna, handtverksoppgåver, lage bursdagskroner og eventuelle gjeremål som kjem inn i kvardagen.

VaktArbeidsoppgåver
06.30 – 14.00 TidligvaktDenne vakta skal låse opp, slå på lys, setje fram leiker, setje på kaffi og ta imot barna som kjem. Notere på ei oppmøteliste kva for nokre barn som kjem.
07.00 – 14.30 Tidligvakt 2
Starte frukost, setje fram mjølk, vatn, koppar og liknande slik at barna kan ete.
07.30 – 15.00 MellomvaktTa seg av barna som er i barnehagen.
08.00 - 15.30 Mellomvakt 2Ta over ansvaret ved frukostbordet, sitje saman med barna og dei av foreldra som sit litt før dei dreg. Hjelpe til med andre oppgåver utover dagen - som for eksempel oppvask, klesvask og opprydding.
08.30 – 16.00 Mellomvakt 3Rydde av frukostbordet, setje på oppvaskmaskina og hjelpe til med andre oppgåver utover dagen - som for eksempel klesvask, vareinnkjøp, opprydding ute og inne.
09.30 – 16.30 FastvaktEtter fruktmåltidet skal det ryddast og vaskast inne. Alt søppel må berast ut, benkar og stellebord må steriliserast, vaskemaskin, oppvaskmaskin og tørketrommel må tømmast og slåast av. Siste dag før helg/ferie blir stolane sette opp på borda slik at vaskejobben skal bli enklare for reinhaldarane.
09.15 – 16.45 SenvaktDenne vakta har hovudansvar for å dokumentere i oppmøtelista at barna blir henta. Seinvakta er den siste som dreg frå jobben og må sørgje for at alle dørene er låste, alle leiker er låst inne, gardinar og persienner er trekte for, alt lys er slått av og alle vindauge er lukka før han/ho dreg heim.
CC BY-NC-SASkrive av Wenche Bankhaug Michelsen.
Sist fagleg oppdatert 20.06.2018

Læringsressursar

Den profesjonelle barne- og ungdomsarbeidaren