Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Intervju om tryggleik og tillit

Oppgåver til filmen «Barneombudet – om trygghet og tillit»

  1. Korleis skildrar barneombodet ein god barndom?
  2. Gjer greie for kva som er meint med «den einaste eine».
  3. Kva vil det seie at du forvaltar den viktigaste kapitalen til samfunnet når du jobbar med barn og unge?
  4. Kvifor er det nødvendig for oss alle å oppleve tryggleik og tillit?

Oppgåver til filmen «Førskolelæreren – om trygghet og tillit»

  1. Korleis merkar du at barna har tillit til deg?
  2. Kva er meint med at barn i barnehagen viser mykje glede?
  3. Skildre nokre situasjonar der barna kjem til deg som barne- og ungdomsarbeidar.
  4. Kva skal du gjere dersom eit barn ikkje har tillit til deg?
  5. Korleis kan du sjå at barna er trygge på deg?
  6. Korleis reagerer du når du er utrygg?
  7. Korleis reagerer barn når dei er utrygge?
  8. Forklar kva som er meint med at det er eit stort ansvar å ha omsorg for barnehagebarn.
  9. Kva skal du gjere dersom du oppdagar at eit barn ikkje har det godt i barnehagen?

Oppgåver til filmen «Læreren – om trygghet og tillit»

  1. Prøv å skildre korleis oppveksten til barn i Noreg er.
  2. Kva meiner læraren er ein trygg og god oppvekst?
  3. Korleis ser han at barn ikkje har det godt?
  4. På kva måte må læraren samarbeide med dei føresette?
  5. Korleis får læraren barna til å fortelje om ting dei er opptekne av?
  6. Korleis kan vi vise barn at vi er til å stole på?

Oppgåver til «Om trygghet og tillit»

  1. Korleis forklarer du omgrepa tryggleik og tillit?
  2. Kva får deg til å føle deg trygg?
  3. Kva for eigenskapar hos ein annan person skaper tryggleik?
  4. Korleis oppfører du deg for at barn og unge skal føle seg trygge saman med deg?
  5. Nemn nokre personar du har tillit til. Kvifor har du det?
  6. Kva gjer du dersom du opplever at eit barn er utrygt?
  7. Forklar omgrepet tryggleik ut frå Maslows behovspyramide.
CC BY-SASkrive av Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 30.05.2018

Læringsressursar

Den profesjonelle barne- og ungdomsarbeidaren