Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Intervju om sosial kompetanse

Oppgåver til filmen «Barneombudet – om sosial kompetanse»

  1. Korleis kan vi vaksne leggje til rette for at barn skal utvikle sosial kompetanse?
  2. Kva er ein god rollemodell?
  3. Kva er ein dårleg rollemodell?
  4. Forklar kva som er meint med at du ikkje kan krevje meir av ungdommen enn den relasjonen du opparbeider til barnet eller ungdommen.
  5. Kva er meint med å investere i ein relasjon?

Oppgåver til filmen «Førskolelæreren – om sosial kompetanse»

  1. Kva er det viktigaste barn lærer i barnehagen slik førskulelæraren ser det?
  2. Kva er sosial kompetanse?
  3. Kvifor er det viktig å kommunisere godt?
  4. Korleis kan du lære barn å løyse konfliktar?
  5. Korleis førebur barnehagen barna på at dei skal starte på skulen?

Oppgaver til filmen «Læreren – om sosial kompetanse»

  1. Kvifor er arbeidet med den sosiale kompetansen til elevane så viktig i skulen?
  2. Korleis kan du arbeide med den sosiale kompetansen til barna?
  3. Kvifor er det viktig å vere på utkikk etter dei elevane som fell utanfor gruppa?
  4. Kva kan du gjere for dei elevane som fell utanfor gruppa?
  5. Kva tyder uttrykket «gagns menneske»?
  6. Kvifor er det viktig å lære å arbeide saman med andre?
  7. Kva er samarbeidsøvingar, og korleis kan desse brukast i klasserommet?
  8. Korleis samarbeider læraren med foreldra eller dei føresette om den sosiale kompetansen til barna?

Oppgåver om sosial kompetanse

  1. Korleis vil du forklare sosial kompetanse?
  2. Korleis kan du jobbe med sosial kompetanse i
    - barnehagen
    - skulen
    - fritidsklubben eller ungdomsklubben
  3. Korleis merkar du om barn treng hjelp med den sosiale kompetansen sin?
  4. Kva er oppgåva di når du oppdagar at eit barn fell utanfor gruppa?
  5. Søk på nettet og sjå kva du finn om sosial kompetanse.
  6. Intervju tilsette på skulen, SFO og barnehagen om korleis dei jobbar med den sosiale kompetansen til barna.

Relatert innhald

l 2002 kom det første Manifest mot mobbing. Vidareføringa heiter Partnerskap mot mobbing, og målet er at alle barn skal ha eit trygt miljø utan mobbing.

CC BY-SASkrive av Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 30.05.2018

Læringsressursar

Den profesjonelle barne- og ungdomsarbeidaren