Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Planar og aktivitetar hos brukar

Her fortel barne- og ungdomsarbeidaren om kor viktig det er for Terje og BPA-en at dei lagar planar for kva dei skal gjere kvar veke.

Puslespillbrikker og en hånd. Foto.

Terje lagar ein «kjøleskapsplan» i lag med den BPA-en som er hos han kvar søndag. Terje har behov for å vite kva som skal skje i kvardagen, og då er det viktig at BPA-en og Terje lagar planen saman.

Dei lagar ein plan for kvar dag. På planen står det hovudsakleg kven som er til stades i bufellesskapen, kva for ein BPA som jobbar dei enkelte dagane, når BPA-en kjem, og kva dei skal lage til middag den dagen.

Det hender at den oppsette planen blir endra – til dømes kva Terje skal ha til middag – men poenget er at han har ein plan, og at han har eit forslag til middag. Han kan sjølvsagt velje å ete noko anna.

Det er svært viktig at planen fortel kva for ein BPA som kjem.

Sist oppdatert 26.04.2018
Skrive av Wenche Bankhaug Michelsen

Læringsressursar

Den profesjonelle barne- og ungdomsarbeidaren

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?

Læringssti

Fagstoff

Oppgåver og aktivitetar

Vurderingsressurs