Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Barne- og ungdomsarbeidar i SFO

I denne filmen fortel ein barne- og ungdomsarbeidar om arbeidet sitt. Ho kjem inn på emne som kor barne- og ungdomsarbeidaren jobbar, kva ho må ha kunnskap om, og eigenskapar som det er viktig at ein barne- og ungdomsarbeidar har.

Oppgåver til filmen

  1. Kva for verdi meiner barne- og ungdomsarbeidaren du møter her, at utdanning har?
  2. Ho seier at barn treng å lære å løyse konfliktar. Diskuter korleis dette kan gjerast.
  3. På kva måte kan barn lære empati?
  4. Korleis bør ein møte barn som er i sorg?
  5. Korleis kan barne- og ungdomsarbeidaren gi barna tryggleik?
  6. Barne- og ungdomsarbeidaren i filmen fortel om observasjon. Kva er det?
    Lag ei teikning eller ein collage som viser kva du trur det er viktig å observere.
  7. Ho fortel at det er viktig å reflektere over det ein gjer. Kva betyr det?
  8. Korleis bør vaksne oppføre seg mot barn? Kva seier barne- og ungdomsarbeidaren i filmen, og kva meiner du?
  9. Diskuter kva for fordelar ein kan ha av at det er arbeidstakarar med ulik kulturbakgrunn på ein arbeidsplass.
  10. Ofte møter barne- og ungdomsarbeidaren barn frå ulike kulturar. Kva for omsyn må ein ta da?
CC BY-SASkrive av Guri Bente Hårberg, Trine Merethe Paulsen og Lillian Brønseth.
Sist fagleg oppdatert 26.11.2018

Læringsressursar

Den profesjonelle barne- og ungdomsarbeidaren