Hopp til innhald

Fagstoff

Wenche bidrar med språktrening

Wenche fortel om arbeidet i ei gruppe med store behov for tilrettelegging. Ho legg til rette for elevar med ulike utfordringar.
Bokstaver. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Wenche er saman med to elevar som har lese- og skrivevanskar og høyrleskadar. Dei har vanskeleg for å lese korte ord som «kvar», «når», «bil» og liknande. Det gjer det ofte problematisk for dei i kvardagen.

I undervisninga bruker vi bokstavkort, nettsider og liknande hjelpemiddel som fokuserer på lesing. Vi legg ofte opp til spel og aktivitetar som hjelper elevane med å lese og skrive samtidig som det aukar interessa for læring.

Oppgåva mi i desse timane er å rettleie elevane i å setje saman bokstavar, uttale ord, og lære lydar og mimikk.

Eksempel

Patrik har store høyrslevanskar, og dette gjer at han har problem med å uttale ulike lydar. Til dømes er det vanskeleg å skilje mellom m og n. Han seier «banse» i staden for «bamse».


Eg hjelper Patrik med å skilje mellom lydane ved å gjere ulike øvingar. For eksempel skal han leggje saman leppene når han skal seie bokstaven m. Når han skal seie n, skal han leggje tungespissen mot underkanten av tennene i overdelen av munnen.

CC BY-SASkrive av Wenche Bankhaug Michelsen.
Sist fagleg oppdatert 26.11.2018

Læringsressursar

Den profesjonelle barne- og ungdomsarbeidaren