Hopp til innhald

Fagstoff

Å bestemme over eige liv

På denne sida finn du ei samlig av både film og tekstar om det å kunne bestemme over eige liv.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Brukarstyrd personleg assistent (BPA) er ei ordning som er særleg lagd til rette for menneske med omfattande funksjonsnedsetjingar. I prinsippet omfattar ordninga dei same tenestene som ordinære helse- og omsorgstenester – som hjelp til stell, pleie, måltid, fritidsaktivitetar og alle andre nødvendige kvardagslege gjeremål. (Lars Sandlie/ Høgskolen i Lillehammer, Wench Heir)

Utfordringar til deg

Sjå filmane på sida og les fagstoffet du finn under relasjonar før du gjer oppgåvene under.

Oppgåver til: Kva er brukarstyrd personleg assistent (BPA)?
  1. Forklar med eigne ord kva brukarstyrd personleg assistanse er.
  2. Kven kan få BPA?
  3. I kva for ei lov er BPA heimla?
  4. Kva står det i lova om BPA?
  5. Er det nokon som vanskeleg kan gjere seg nytte av ordninga med BPA? Grunngi svaret.
  6. Kva trur du er fordelane med BPA? Grunngi svaret.
  7. Kva for nokre ulemper kan det vere med BPA?
  8. Bruk kunnskapen du har om BPA og drøft påstanden: "Det er viktig å bestemme over sitt ege liv."
  9. Beskriv kva ei hjelpeverje er?
  10. Tenk at du sjølv kom i ein situasjon der du blei lam. Du måtte sitje i rullestol og trong hjelp med alt du skulle gjere. Kva ville vere viktig for deg i ein slik situasjon?
  11. Følg lenkja og sjå filmene "Brukerstyrt personlig assistanse" og "Brukermedvirkning og verdighet".
  • Kva tankar gjer du deg etter at du har sett filmene?
  • Skriv eit samandrag av innhaldet i filmene.

Relatert innhald

Det er viktig at du som BPA har respekt for mennesket du jobbar for, og at du kan leggje til rette for å betre livskvaliteten til vedkommande.

CC BY-SASkrive av Marit Smith Sørhøy, Lars Sandlie/Høgskolen i Lillehammer, Guri Bente Hårberg, Wenche Heir og Gro Nedberg Grønlid.
Sist fagleg oppdatert 27.04.2017

Læringsressursar

Kunnskap om funksjonshemmingar