Hopp til innhald

Fagstoff

Køyretøyforskrifta

Forskrift om tekniske krav og godkjenning av kjøretøy, deler og utstyr, eller køyretøyforskrifta som ho blir kalla i daglegtale, set ei rekkje krav til utforminga av køyretøyet.
Kollasj av bildelar.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Køyretøyforskrifta ligg under vegtrafikklova, men tek òg utgangspunkt i ei rekkje EU-direktiv.

Forskrifta inneheld tekniske krav til køyretøy. Importørar og verkstader må i stor grad rette seg etter køyretøyforskrifta. Forskrifta inneheld mellom anna krav for å få køyretøy typegodkjende og registrerte i Noreg.

Tenkjer du til dømes på å byggje om bilen din, må du setje deg inn krava i forskrifta for å få dette godkjent. Dette kan vere ved å montere såkalla "senkesett" eller å setje på større felgar enn det bilen er registrert med. Å gjere om ein varebil til ein personbil, ved å setje inn baksete, er ei anna form for ombygging som krev godkjenning og omregistrering (frå grønt til kvitt registreringsskilt).

Forskrifta inneheld ei rekkje krav til utforming og kapasitet for køyretøy og køyretøyutstyr. Til dømes er det krav til sikringsselar, spegel, styring, bremser, motor og drivverk. I forskrifta finst det òg krav til avgass frå eksos og lysutrusting. Til dømes vil ein finne krav til at køyretøy må ha bremselys og retningslys (blinklys).

Dette er altså ei veldig omfattande og detaljert forskrift som tek for seg mange tekniske detaljar på alle køyretøy, frå moped til vogntog. Køyretøy må altså vere i samsvar med forskrifta for å bli registrerte, og ein må vere sikker på at ein følgjer reglane om ein byggjer om eller ettermonterer utstyr etter at køyretøyet er registrert. I mange tilfelle må køyretøy visast på nytt for godkjenning ved større ombyggingar, i samsvar med køyretøyforskrifta.

Kjelder

Lovdata: forskrift om tekniske krav og godkjenning av kjøretøy, deler og utstyr


CC BY-SASkrive av Arne Skrede.
Sist fagleg oppdatert 07.02.2022

Læringsressursar

Lover og reglar